Kyrkjeblad logo

Kyrkjebladet på nett

Alle husstandane i Rindal og Surnadal fekk kyrkjebladet i postkassen før påske. No kan du som ikkje har fått det lese bladet på nett. Klikk på denne linken så kjem du til Kyrkjebladet under DEN NORSKE KYRKJA Rindal og Surnadal. Der finn du m.a. stoff om kyrkjejubilea i Todal og Rindal.

  

Du finn også denne artikkelen.

Bibelstudie

Rundt om i distriktet vårt er det mange bibelstudiegrupper, som tek Guds ord på alvor når Bibelen seier vi skal granska skriftene.

Ei av desse gruppene er i Rindal. Gruppa består av fem medlemar av kvinner og menn som samlast omlag ein gong i månaden til studie og samtale over eit bestemt tema. Det som er det aktuelle temaet i år, er «Den romslige kirke», ut frå boka med same tittel av Johan Arnt Venås, som nettopp hadde inspirasjonshelg i Surnadal. Dei les frå boka og samtaler om temaet.

Nils Joralf Stavne er ein av dei aktive i gruppa. Han meiner det er verdifullt å lesa og samtale i lag ut frå studieopplegget som omhandlar fundamentale og eksistensielle trusspørsmål.

«Det er mange ting ein har hatt fasitsvar på, men som kanskje ikkje er så enkelt. Ein kan ikkje få Gud på ein formel. Kanskje ein har lagt for mykje vekt på enkeltord utan å sjå sammenhengen,» seier Nils Joralf, som anbefaler andre eit slikt samtaleforum.

Studieopplegget henviser til Bibelen og slik hjelper det ein til å studera Guds ord.

Eit vanskeleg spørsmål er t.d. problemet omkring Gud og det vonde. Og kva med «englevakt»? Når nokon blir berga i ein naudsituasjon, er vi snare til å seia at dei hadde «englevakt». Men kva med dei som ikkje vart berga? Og kven er det som forårsaker ulukker og naturkatastrofer?

Stavne meiner det er godt og nyttig å snakka sammen om slike vanskelege ting. Samtidig kan ein også ta opp personlege problem, noko som vil vera taushetsbelagt i gruppa.

Sjølvsagt er ei slik gruppe også eit sosialt fellesskap med ein kaffekopp og prat om kvardagslege ting.

Dette er ikkje ein type møteverksemd som er utoverretta. Ein annonserer ikkje møta, men ønskjer å vera til inspirasjon til tru og liv for dei som er med.

Kyrkjebladet vil gjerne koma i kontakt med fleire slike grupper for å høyra korleis dei arbeider, og kanskje inspirera andre til å bli med.

ERE