Kyrkjebladet

Kyrkjebladet for indre Nordmøre kjem no i postkassane våre! Denne gongen er det lagt med giro for frivillig kontingent. Det er også muleg å bestille Kyrkjebladet til folk som bur utanfor desse nordmørsbygdene, eller du kan laste det ned som vedlegg!

I dette nummeret kan vi lese oversikt over alle soknerådsmedlemmene på indre Nordmøre, som alt har vore samla til møte med biskop og prost!
 
Det er også bilde av mange jubilerande konfirmantar!
 
Så vil vi nemne prosjektet som DIS Norge (Data i slektsforskning) har, som går ut på å avfotografere alle gravminner i landet! I vårt område vart Tingvoll ferdig i sommar, Hov og Ålvundeid i Sunndal er også ferdige. Du kan sjølv søke i basen på DIS sine nettsider!