IMGP6733_1024x678_cropped_605x450

Kyrkjedag og dåpsdag i Rindal

Sundag kl.11.00 var det gudsteneste i Rindal kyrkje. Der vart to gutar døypte: Theo Alexander Sæterbø og Theodor Glærum. Preiketeksta og preika les du nedafor, og bilde av dåpsborna ser du heilt nedst!

26.søndag i treenighetstida. Preiketekst: Luk 13,10-17

10 En sabbat underviste han i en av synagogene. 11 Der var det en kvinne som hadde vært plaget av en sykdomsånd i atten år. Hun var helt krumbøyd og kunne ikke rette seg opp. 12 Da Jesus fikk se henne, kalte han henne til seg og sa: «Kvinne, du er løst fra sykdommen din.» 13 Han la hendene på henne, og straks rettet hun seg opp og lovpriste Gud.
    14 Men synagogeforstanderen ble forarget fordi Jesus helbredet på sabbaten, og han sa til forsamlingen: «Det er seks dager til å arbeide på. Da kan dere komme og la dere helbrede, men ikke på sabbaten.» 15 «Hyklere», svarte Herren, «løser ikke hver eneste en av dere oksen eller eselet fra båsen også på sabbaten og leier dem ut så de får drikke? 16 Men her er en Abrahams datter som Satan har holdt bundet i hele atten år. Skulle ikke hun bli løst fra denne lenken på en sabbat?» 17 Da han sa dette, måtte de skamme seg, alle motstanderne hans. Men alle som var samlet, gledet seg over alt det underfulle han gjorde.

Preika i Rindal kirke sundag 13.11.16.

Det er sagt at kjenneteiknet på ein god diplomat, er at vedkommande klarer å be nokon reise dit peparen gror på ein slik måte at vedkomande får lyst til å reise.

I den forteljinga me har høyrt no, er det ingen som er særleg diplomatiske eller smidige. Han som er sjefen for synagoga, altså det som var gudshus for jødane, meiner at Jesus ikkje gjer ting på rett måte. Tenke seg til å koma her og koma her og hjelpe ei kjering som har vore krumbøygd i 18 år til å rette seg opp??! Tenke seg til å gjera noko slikt på sabbaten??!

Synagogesjefen synest å vera litt av ein tullebukk. Nokon kallar det for petimeter. Uansett så går det på å hevde at absolutt alt skal skje på absolutt rett måte absolutt heile tida.

For nokon tullete reglar!! Seier Jesus. Og så forsvarer han både si eiga godheit og dama som vart frisk: Det skulle berre mangle om ikkje eg skulle kunne gjera godt for denne dama sjølv om det er sabbat?? – det som var sabbat den gong tilsvarar sundagen vår.

Og så seier Jesus noko som er sjølvsagt for alle: De kan då gjera både det eine og det andre sjølv om det er helg? Har de okse eller esel, så er det då sjølvsagt at de går og løyser dyra så dei får kome seg ut og drikke – uavhengig av om det er laurdag, sundag eller måndag?

Men her er det ei stakkars dame som endå til er i direkte line i slekt med Abraham – og ho skal ikkje få bli frisk etter 18 år med sjukdom berre fordi det er sabbat?

Forstå det den som kan!

Skal tru om me kan forstå det? Her kjem Jesus og bryt med god folkeskikk berre for å gjera vèl og hjelpe ei dame som har gått krumbøygd i 18 år. Dette er ikkje berre-berre heller. For når Jesus tek att me dei som har makta, blir det så dei berre må skamme seg. Mens dei andre blir skikkeleg glade for dette underet Jesus kunne gjera.

Eit under – det er når noko skjer som ingen trur det er mogeleg at skal skje. Jesus gjorde ein god del under. Mange av undera han gjorde, gjekk ut på dette å helbrede folk, å hjelpe dei sjuke til å bli friske.

Dessutan var ikkje Jesus så veldig glad i å berre gjera slikt som var brukeleg. Han kunne gjerne erte på seg både den eine og den andre frå det som var rekna for samfunnet øverste lag. Det vart så Jesus sprengte sund ganske mange grenser, - det vera seg reglar for korleis ein skulle oppføre seg – og like til at han sprengte den grensa så døden pleier å bety.

Diplomaten er den som ber folk reise dit peparen gror på ein slik måte at folk får lyst til å gje seg avgarde.

Jesus ber ingen om å reise nokon som helst plass, - han ber oss derimot om å koma. Kom til meg, seier Jesus. Kom til meg, alle de som strevar og har mykje å dragast med. Eg vil gje dykk kvile. 

Lene Gåsvatn

Theo Alexander Sæterbø med foreldre og faddere_690x460.jpg
Theo Alexander Sæterbø med prest, foreldre og faddere.

Theodor Glærum med foreldre_690x460.jpg
Theodor Glærum med prest og foreldre.