Kyrkjefart på gammelmåten

«Hjelmkonnå» har yrkestittel «kyrkjebåt»! Det levde ho opp til sist søndag – da ein liten gjeng trossa regnveret og kyrkje-trimma sjøvegen til Åsskard.

Andre gjekk til fots eller sykla, så messedagen gav mosjon til både kropp og sjel for mange. Idrettslaget og soknerådet samarbeidde (som i alle år sia 1988) – også om saft, sjokolade og kaffe til det farande folket.

Sokneprest Bernt Venås leia gudstenesta, der det også var dåp for vesle Alva Hoås Aarnes.

Roarane på «Hjelmkonnå» passerte mykje kulturhistore langs fjorden – bombeminne frå krigens dagar ved Settemsørane (der ei enno ligg udetonert på grunt vatn), vakre hytteområde, det skumle «Gjestbodskjeret» og husmannsplassen «Purkvika», begge med sine historier. «Tømmerberget» har vel namn frå hollendertida – like eins «Sagskjeret» og «Gammelsagelva». På Nothusvollen og i Holmane bygde dei farty i gamle dagar, og ved Hyllrabben skjedde eit dramatisk forlis sist på 1800-talet.

«Kyrkjefart på gammelmåten» er eit tilbod som bør markedsførast slik at fleire kan få oppleva både fin natur og kulturhistorie i tida som kjem. Med nybygd kyrkjebåt-naust, som blir offisielt opna i sommar, har miljøet rundt Åsskard-kyrkja og «Hjelmkonnå» mykje å by på for både bygdafolk og tilreisande!

2015 05 31 Kyrkjeroing Hjelmkonnå.jpg
Sjøl med berre 8 av dei 14 årene i bruk gjorde «Hjelmkonnå» god fart under kyrkjeturen. På venstre (nei: babord!) side sit Magnus Bøklep (nærast), Johannes Skjerdal (mesta skjult), Bernt Bøe og Gunnvald Bøe. På styrbord-sida: May-Britt Olesen Hakstad, Martin Bøklep, Randi Vetleseter Bøe og Anders Melling. (Foto: Høvedsmann Tore Sannes)

 

Innsendt av Bernt G Bøe