Kari Aarnes, Odd Trodal og Asbjørn Bøe snørtar opp på ny-kyrkjegarden

Kyrkjegardsdugnad i Åsskard

Det er stor aktivitet med dugnader på kyrkjegardane i desse dagar. I Åsskard deltok 30 – 40 frivillige måndag kveld.  "Det er mykje som kjem fram når snøen forsvinn!" song Gluntan i si tid. Dugnadsgjengen i Åsskard tok Gluntan så å seie på ordet: Lauv og kvist vart effektivt fjerna og skeive støtter retta op. Til konfirmasjonen søndag og nasjonaldagen 17. mai er det no så pent og ryddig som ein kan forvente.
 

Åsskard kyrkje er rett nok anleggsområde for tida. I påvente av omfattande veggreparasjonar og arbeid på nytt inngangsparti må folk – trass i stor dugnadsinnsats - finne seg i at det er montert stillas ved veggen og ligg grus og stein langs muren. 

Gjengen gjorde i alle fall sitt beste – og avslutta med velfortent pølsekos, kaffe og hyggeprat i Kyrkjestua.
 

Her ser vi Randi Mørk og Alf Engdal og (i bakgrunnen) Jakob Torvik.

 

Kari Aarnes, Odd Trodal og Asbjørn Bøe snørtar opp på ny-kyrkjegarden

Pappa Øyvind Magnor Bøe, mamma Eliska og vesle Asbjørn er alle i sving med rivene sine