Kyrkjekveld med storm og pølser i Åsskard
Måndag tok 4- og 5-åringar i bruk kyrkja si i Åsskard. Dei årlege kyrkjekveldane er ledd i lovfesta dåpsopplæring.
Først var det å bli kjent med det flotte huset – både med lytteoppgåver og leiteoppgåver. Smårollingane var ikkje i tvil om kvar lyden av kyrkjeklokkene kom i frå. Og leitinga etter korta som klokkar Randi hadde gjømt, førte til ransaking av heile rommet. Etter saumfaring av benker, piano, altar, kor og skip vart alle 12 korta funne – på 4 minutt og 15 sekund!
Søndag er det familiegudsteneste med utdeling av 4-årsbok. Difor var det øving på prosesjonssongen «Så pynter vi vårt hus til fest».
Trusopplærar Elsa Jensvold tok ungane med ut på «Genesaretsjøen» - i storm. Og nyorganist Bjørn Vevang laga skikkeleg båredrønn på pianoet under songen «Når det stormer»!
Etter andektig lystenning samlast born og foreldre til pølser og sjokoladekake som Torbjørg og Inger Lise serverte i kaffestua. Og tilbakemeldingar tyder på at dei unge hovudpersonane lika seg på kyrkjekvelden.
Ingressbildet: Her bles det opp på Genesaretsjøen! Ombord i båten er Tuva og Einar. Elsa, Harald, Ingeborg og Mia lagar skikkelege bårer!
Randi Vetleseter Bøe (t.h.) er klokkar og kontakt for trusopplæring i Åsskard. Her instruerer Tuva, Harald, Ingeborg, Einar og Mia som skal leite opp kort rundt i kyrkja. Og det klarte dei med glans!
Dette melder Åsskard sokneråd til Trollheimsporten tirsdag.