
Kyrkjelydsårsfest i Åsskard
Søndagens gudsteneste i Åsskard blir lagt til bedehuset Betania i Bøfjorden. Etter messa, forretta av Bernt Venås, blir det middag, kaffe og “Kyrkjelydens årsfest”. Her viser soknerådet i tekst og bilete glimt frå eit aktivt år 2010. Det blir høve til samtale om kyrkjelivet i dag og om den komande gudstenestereformen – tema som rører dei fleste av oss.

Friluftsgudstenesta ved Kleppnausta var blant fine arrangement i 2010.

Barnegruppa Amigos under ei av gudstenestene i fjor
Gudsteneste med kyrkjelydsårsfest på Betania søndag
Foto: Bernt Bøe

.png)

