Kyrkjemøte på Mariadagen
«Samhandling på siste vakt» var hovudtemaet på årsmøtet for Rindal sokn søndag kveld. Kantor Johanne Bjørkhaug var heime ein tur frå studiane sine i Tyskland og deltok med song og akkompagnement i lag med far Arnt.
Sokneprest Lene Gåsvatn, soknerådsledar Leif Ove Grytbakk, oversjukepleiar Annett Ranes og kyrkjeverje Ingeborg Nordlund.
Oversjukepleiar i Surnadal kommune, Annett Ranes, presenterte prosjektet «Samhandling på siste vakt.» Det er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunen og kyrkja i Surnadal, som no er avslutta som prosjekt, men går no inn i kvardagspraksisen.
Idéen vart skapt i eit møte under bispevisitasen i Surnadal hausten 2013. Både lovverket og forskriftene slår fast at pasientar har rett til å utøve trua si og livssynet sitt. Dette er viktigare no når vi har eit meir multireligiøst samfunn.
Før vi fekk kommunal omsorgsteneste, var det diakonien til kyrkja som tok seg av all omsorg både gjennom institusjonar og kyrkjelydsarbeid. Gjennom prosjektet er det etablert eit forpliktande samarbeid mellom kyrkja og den kommunale pleie- og omsorgstenesta.
Gjennom refleksjonsgrupper på sjukeheimen og heimetenesta, leda av diakonen, har dei tilsette vorte utfordra på endring av vanar og haldningar i arbeidet med omsorgen for alvorleg sjuke og døande.
Fleire har vorte bevisst rolla si og ansvaret for å ta vare på åndelege og eksistensielle behov i arbeidskvardagen. Og det gjeld ikkje berre i forhold til Den norske kyrkja, men også andre trus- og livssynssamfunn.
Prosjektet «Samhandling på siste vakt» fekk Møre og Romsdal fylkes Omsorgspris i 2017, og vart nominert til KS sin Etikkpris 2017.
Dei kunstnarlege innslaga under årsmøtefesten stod kantor Johanne Bjørkhaug og Arnt Bjørkhaug (far) for med sine gode songstemmer. Sidan det var Maria Budskapsdag, passa det godt at Johanne song ei sjeldan Mariasalme. Saman framførte dei den første salmen i salmeboka, "Herre Gud ditt dyre navn og ære" til fleire melodiar, eit slags potpurri.
Sterkast i minnet sitt nok Johanne si tolking av «Blåbærli» frå Garborgs Haugtussa med Edvard Griegs melodi.
Sokneprest Lene Gåsvatn tok også utgangspunkt i Maria Budskapsdag og heldt ei «Mariapreike». Kyrkja er mor vår. Vi kan ikkje velje mor vår, Gud er far vår, Jesus bror vår. Kyrkja, vår mor, er der vi har fellesskap med far og bror.
Etter ein god pause med solid kveldsmat laga av soknerådet, gjekk soknerådsleiar Leif Ove Grytbakk og kyrkjeverje Ingeborg Nordlund gjennom årsmeldinga med bilde frå aktiviteten siste året.
Årsmeldinga vil komme her etter kvart.
Her har Leif Ove Grytbakk soknerådsmedlemmer både bak seg og (svakt) på skjermen.
Frå venstre bak Leif Ove: Arnhild Foseide Fagerholt, Johan Helgetun, Sigmund Moen Trønsdal, Gudrun Langli Storholt (vara), John Bendik Møkkelgård (vara), Monica Gulla og Marit Øyen Rønning (vara).
Her kan du lese innlegg Trollheimsporten har om kyrkjesaker.