bjarne otnes

La fram Todalsfjord-prosjektskisse på 2,23 milliardar

Planprosjektleiar for Todalsfjordprosjektet i Statens vegvesen, Bjarne Otnes, la torsdag fram eit grovt kostnadsoverslag for prosjektet. Det viser ein totalkostnad på 2,23 milliardar kroner, og at forprosjektet ikkje bomma aldeles i 2014, ifølgje Otnes.

Otnes starta presentasjonen sin med å legge fram kva det er jobba med fram til i dag, med ulike alternativ, samt utfordringar og løysingsforslag knytt til desse.

Her slo han fast at Svinvika er det området det nok vil svi mest med eit stor vegprosjekt, og Otnes trakk fram Svinvik gard, Svinviks arboret og potensielle kulturminner som grunnar til dette. Dette er imidlertid utfordringar vegvesenet tek omsyn til i prosjektet sitt, og som er fullt løysbare, ifølgje Otnes.

– Geoteknisk ser det imidlertid bra ut. Det er blaute masser ein må ta omsyn til, men ingenting som stiller eit eventuelt veganlegg i fare, sa Otnes, som og peika på potensiell skredfare opp langs dagens fylkesveg.

Når det gjeld kostnadsoverslaget, såg det slik ut:

  • Veg i dagen Hø1 – vegbredde 7,5m – 3 300m x 50’             165 millionar kroner 
  • Tunnel T9,5 – 4 300m x 200’                                                 860 millionar kroner
  • Hengebru – RS                                                                   1 205 millionar kroner
  • Totalsum                                                                              2 230 millionar kroner

Otnes fortalte at overslaget for brua er innanfor pluss/minus 25 prosent, medan tala for veg og tunnel er pluss/minus 40 prosent. Ny veg frå Øygard til Åsbøen er ikkje med i kostnadsoverslaget.

Løpemeter tunnel er bruka VD sin meterpris for bruk i riksvegutgreiinga, medan det ved utrekninga av løpemeter veg i dagen er bruka ein relativt høg meterpris.

Dette er ut i frå at det er utfordrande terreng både ved Ålvundfoss og ved betring av dagens fv 6145, tidlegare 671. Otnes bemerka og i presentasjonen sin at det er potensiale for behov for arkeologi i Svinvika

– Det er ein indikasjon på korleis vi ligg an, men det vil komme endringar. Det viser imidlertid at forprosjektet ikkje bomma aldeles i 2014, seier Otnes, som fortel at eit anslag med tal pluss/minus 25 prosent for heile veganlegget vil vere klart i oktober.

Den vidare framdrifta på prosjektet er no at Statens vegvesen skal levere planforslag til fylkeskommunen innan utgangen av 2019, før dei håpar på kommunal handsaming i løpet av første kvartal 2020 og høyring i løpet av første eller andre kvartal same år.

Det vil kunne bety ei sluttbehandling innan utgangen av 2020.

– Geometrien reknar vi no omtrent som låst. Med tanke på vidare framdrift vil eg peike på to viktige ting:

– Den eine er at som grunnlag for reguleringsplan er vindmålingar viktig, og den andre er å tilpasse reguleringsplan opp mot utbyggingstidspunkt. Dette må både kommune og fylkeskommune vere bevisst på, slik at ein slepp å omregulere seinare.

utsnitt.JPG
Utsnitt frå Bjarne Otnes sin presentasjon, som viser korleis det kan bli sjåande ut med bru over Todalsfjorden.


Vidare på konferansen held Tore Ljunggren i WSP og Ole Jonny Klakegg frå NTNU innlegg om prosjekt som Todalsfjordprosjektet kan gjennomførast og finansierast av eit selskap, før Johan Arnt Vatnan frå Nye Veier AS skal snakke om det går an å bruke kommunedelplaner eller områdereguleringsplaner som grunnlag for anbud og kontrahering av entreprenør ved utbygging av eit større samferdselsprosjekt.

Leiar Kristin Sørheim (Sp) i samferdselsutvalet i fylket, og leiar Frank Sve (FrP) i plannemnda for samferdsel skal deretter halde innlegg om når det vil vere muleg å starte bygginga av ferjefri Todalsfjord.

Til slutt vil fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik snakke om Møre og Romsdal, med undertittelen "Ein region med framtida framfor seg".

jenny klinge, kristin sørheim, bernt venås 690.jpg
Kristin Sørheim (i midten), her saman med Jenny Klinge (t.v.) og Bernt Venås (t.h.), skal halde innlegg om når det vil vere muleg å starte bygginga av ferjefri Todalsfjord.