Låtskrivarkurs 11. mai

(9.4.)Søndag 11. mai arrangerer Vårsøghelga og Kulturskolen på Indre Nordmøre eit låtskrivarkurs. Til å undervise har dei fått tak i Ulf Risnes ("Tre små kinesere" m.m.). Påmelding seinast 4. mai. Sjå artikkel i Tidens Krav, og
nærare opplysningar på neste side:
(7.5.) Det er fremdeles mulig å melde seg på - SNAREST!

Søndag 11. mai kl 11.00 -17.00 held Vårsøghelga og Kulturskolen låtskrivarkurs i
Svorkasalen på Surnadal Kulturhus. Kurshaldar er Ulf Risnes,
kjent frå m.a Tre Små Kinesere.

Målgruppa er alle som vil lære meir om det å lage ei låt eller vise.
Alle som er interesserte i å lage musikk, elevar og lærarar i alle skoleslag,
medlemmar i revy/teaterlag osb er velkomne som deltakarar.

Kurset vil gi deg ei innføring i det å skrive ein bra songtekst. Form, oppbygging,
sjangerlære og inspirasjonskjelder er nokre emner som blir belyst.

Ulf vil svært gjerne ha eit par eksempel frå deltakarane å arbeide med, så har du
noko du har laga, held på med eller har du ein god ide, så ta det med.
Enten melodi eller tekstutkast.

Kurset vil koste kr 150,- inkl lunsj og materiell. (Gratis for elevar i kulturskolen)

Påmelding skjer på e-post til nordmorsrock@yahoo.no innan 4.mai.

Dersom det blir stor påmelding vil den som melder seg på først bli prioritert.


Mvh. Vårsøghelga og Kulturskolen på Indre Nordmøre