Emma, Guro Beate, Kristine og Ane øver til konserten_550x413

Låtskrivarkurs for elevar i 7a

Klasse 7a ved Øye skule deltok på "Låtskrivarverkstad på norsk" denne veka. Verkstaden var i regi Kulturskulen på Indre Nordmøre og gjekk over tre skuledagar; frå onsdag til fredag denne veka. I løpet av desse tre dagane fekk elevane tips, motivasjon, inspirasjon og tilrettelegging frå Ingebjørg Loe og Rune Dalager ved Kulturskulen til å skrive eigne låttekstar som dei etterpå sette melodi til.

Alle foto: Kjersti Mahle Brøske

Elevane gjekk til oppgåva med stor iver, det var utruleg mykje fin poesi og musikk som vart festa til papir, digitale opptak og film. Låtskrivarverkstaden vart avslutta med ein flott minikonsert fredag der det var verdspremiere på songane elevane hadde laga. Vi blir ikkje forbausa om det dukkar opp nokre hitar etter dette, signert elevar i 7a! Det seier musikklærar på Øye skule; Kjersti Mahle Brøske til Trollheimsporten.

Klikk bildene større

Arnstein, Arve, Tor Inge, Malin og Jorunn riggar til konsert_1024x768
Arnstein
Emma, Guro Beate, Kristine og Ane øver til konserten_1024x768
Emma, Kristine, Guro Beate og Ane framfører Kaffelag_1024x768
Ihne, Berit og Hans øver til konsert_1024x768
Ine, Berit og Hans framfører Lyd_1024x768
Jon Olav og Even laga mange flotte tekster_1024x768
Jon Olav og Even laga mange flotte tekster_1024x768
Jonas arbeider med låt-tekst og viser til lærar Kjersti_1024x768
Jonas H, Sindre og Ragna framfører_1024x768
Jonas og Ingebjørg_1024x768
Maja, Jorunn, Marte, Arve og Even framfører Tivoli_1024x768
Marte og Silje ber utstyr til konsert-rigg_1024x768
Ragna og Jorunn framfører heimeleksa_1024x768
Tekstskaping og idemyldring_1024x768