nils petter tonning og sylvi listhaug

Ladda opp til debatt med Listhaug-besøk

Onsdag kveld vert det arrangert politisk debatt med listetoppane til dei sju partia som stiller liste i Surnadal. Tysdag varma Surnadal FrP opp med besøk av eldre- og folkehelseminister Sylvi Listhaug, som møtte veljarar og lova solide rammeoverføringar til kommunane.

– Regjeringa har gjeve kommunane gode tilskot, og vi skal halde fram med å sørge for solide overføringar kvart år i den neste fireårsperioden, seier Listhaug.

FrP-nestleiaren trakk og fram det å oppretthalde sterke vidaregåande skular i distrikta, å unngå deponi i Raudsand og eit godt sjukehustilbod som viktige saker for Møre og Romsdal den komande valperioden.

Både Listhaug og listetopp i Surnadal, Nils Petter Tonning, snakka om at det er viktig å få ned eigedomsskatten.

– Vi vil absolutt fjerne eigedomsskatten, men i Surnadal har vi vel 23 millionar kroner, trur eg det er, i inntekter frå eigedomsskatten no. Så vi må starte med å følgje nedtrappinga frå 7 til 5 promille, og deretter til 4, slik Siv Jensen nettopp kom med utspel om, seier Tonning.

Han gler seg til den politiske debatten i Surnadal kulturhus onsdag kveld.

– Eg kjem til å halde fast på at vi må få ned sjukefråvêret og effektivisere administrasjonen, seier Surnadal FrP-toppen, og fortsett:

– I tillegg er samferdsel veldig viktig. Kvaliteten på Fv65 er til hinder for transportindustrien i bygda.

Tonning varslar at han vil utfordre ordføraren på eldreomsorg i onsdagens debatt.

– Eg har nyleg fått høyre at det skal vere venteliste på sjukeheimsplassar i Surnadal. Dette kjem eg nok til å ta opp under debatten, for å høyre om det stemmer, og kva ordføraren i så fall gjer med saka.

nils petter tonning sylvi listhaug og velgere.jpg
Fleire av veljarane ba om å få ta bilete saman med Sylvi Listhaug (midten) då ho var på besøk hos Nils Petter Tonning (t.v.) og Surnadal FrP i Amfi Surnadal tysdag.

sylvi listhaug dordi glærum skuggevik 2.jpg
Dordi Glærum Skuggevik gav FrP ros for å ha skaffa Møre og Romsdal fire ministrar, sjølv om ho påpeika at nordmøringen glimrar med sitt fråvêr. Skuggevik uttalte at ho meiner Sylvi Listhaug er landets mest begava politikar.


Surnadal FrP er medlem av Trollheimsporten.