lønn_1024x683

Surnadal hagelag inviterer til møte

Lær om buskar og tre i hagen

Onsdag 19. september kl. 19.00 inviterer Surnadal hagelag til møte i Kyrkjelydshuset. Reidar Dahlstrøm kjem med foredrag om buskar og tre i hagen, med hovudvekt på lønn. Lønn er mykje anna enn det «ugraset» som spreier seg i liene på nordsida av dalen. Reidar er ein av dei «fire steingale sunnmøringane» som var her for nokre år sidan og snakka om stein. Han er medeigar av ein flott hage i Todalen, der dei mellom mykje anna har mange ulike små lønnetre.

Den 27. september kl. 18.00 blir det eit nytt spennande arrangement. Da inviterer Folkeakademiet Hagelaget til møte om stell og bruk av vilt. Møtet blir arrangert i kantina på Surnadal vidaregåande skule. Albert Brouwer vil vise korleis viltet skal parterast, og etterpå vil han lage ulike rettar av det, sjølvsagt med smaksprøvar. På grunn av at dei må skaffe kjøtt, vil Folkeakademiet gjerne vite omtrent kor mange som kjem. Dersom du vil delta, kan du gi beskjed til Anne Mogstad Strickert innan 15. september.

Les meir på heimesidene til Surnadal hagelag.