sopplukking_1024x683

På sopptur med Surnadal hagelag

Lærte sikker sopp-plukking

Dei fleste aktivitetane til Surnadal Hagelag foregår ikkje uventa innanfor hagegjerdet. Somme gonger går likevel turen lenger, slik som på søndag da hagelaget arrangerte sopptur på Nordmarka. Lars Gjøra var los og læremeister på turen, og deltakarane fekk mange gode og praktiske tips om sopp: kvar vi kan vente å finne han, utsjånad og andre eigenskapar og ikkje minst etterbehandling.

Sopplukking på mosebotn i idyllisk granskog. Alle foto: Norunn Holten

Utgangspunkt for soppturen var skisenteret på Nordmarka, og målet var terreng der ein kan forvente å finne sopp. Dette gjeld mellom anna granskog med 10-15 meter høge tre og skogsbotn utan lyng. Allereie på skogsvegen innover mot målet for turen var det sopp å finne og artsbestemme. Like viktig som å bestemme dei beste matsoppane var det å lære seg dei giftige eller uetande dei kan forvekslast med. Til dømes fekk deltakarane lære seg forskjell på ekte og falsk kantarell. Når ein finn dei kvar for seg, kan det vera lett å ta feil, men når ein ser dei saman, er forskjellane tydelege: Den ekte har ei langt klarare gulfarge enn den falske, og skivene svingar seg gradvis over i stilken. Dette i motsetning til falsk kantarell der skivene ikkje svingar seg, men går rett inn i stilken. Deltakarane fekk også lære forskjellen på kremler og risker, på steinsopp og sleipsopp og på fleire andre matsoppar og mulege dobbeltgjengarar. Turen ga deltakarane mykje ny kunnskap om sopp,og vi tippar at dei vil tore å plukke med seg fleire sortar om dei skulle støyte på dei i ettertid. Kantarellen vart ein rimeleg sikker sopp for deltakarane. Det vart også piggsopp, både kvit og raud/gul, steinsopp og traktkantarell.

Før var det ganske sjeldan å sjå surnadalingar på soppskog. I dag er det mange som plukkar sopp, og interessa er aukande. Dei som driv med det, har likevel eit relativt stort matfat å forsyne seg frå samanlikna med område der sopp-plukking har lengre tradisjonar, slik som i Trøndelag og på Austlandet. Mange surnadalingar legg framleis ikkje merke til soppen før han er så markspist og stygg at han berre inviterer til eit solid spark med foten. Fleire burde ha opplevd soppen på sitt beste, når han nettopp har kome opp av jorda og kjøttet er lekkert, kvitt og velduftande. Da kan ein nemleg både sjå og lukte at dette er noko som bør hamne på steikepanna og ikkje stå og forfalle i skogen.

Klikk på bileta for å sjå dei større eller i serie.

Kantarell x2_1024x683
Det er ikkje stor forskjell på falsk og ekte kantarell. Den ekte, til høgre, er klarare gul.
soppkikking_1024x683
Lars Gjøra orienterte deltakarane på turen om både etande og giftige soppar.
Rønnaug Skjermo_1024x1536
Leiar i Surnadal Hagelag, Rønnaug Skjermo, har funne seg ein god plass med fin matsopp.
Berit Mauset_1024x1536
Berit Mauset har fått mykje god sopp i korga si.
slørsopp_1024x683
Den giftige slørsoppen finst i mange variantar. Dessverre er det mykje sopp av denne typen i skogen i haust.
Lars Gjøra_1024x683
Deltakarane lyttar interessert til los og læremeister Lars Gjøra.