
Laga grill-tilhengar til IL Søya
Elevane på vg2 industriteknologi på Surnadal vidaregåande skole har på oppdrag frå IL Søya laga ein grill-tilhengar som idrettslaget skal bruke på Søyacupen og andre store arrangement.
På biletet ser vi tre av elevane på vg2 industriteknologi, som altså har laga denne flotte tilhengar-grillen på oppdrag frå fotballgruppa i IL Søya. - Gutane fekk eit artig arbeidsoppdrag, og Søya får ein kjempeflott grill! Vi takkar både gutane og Surnadal vidaregåande skole (med Per Arne Hyldbakk i spissen) for vel utført arbeid!
Det skriv IL Søya på si heimeside. Les meir og sjå fleire bilde her.