
Lagseriestemna starta på igjen i Todalen
Torsdag kveld var første omgang med lagseriestemne etter sommarferien. Det var bra oppmøte, og Frode Grønmyr har sendt bilde fra aktivitetane på Bordholmen denne kvelden til Trollheimsporten sin samarbeidspartnar todalen.no.

Grønmyr vil at fleire skal nytte høvet til å ta idrettsmerket no, da dei skal ha lagseriestemne kvar torsdag fram til 23. september.
Til todalen.no skriv han: “Torsdag starta lagseriestemna opp att etter sommarferien. Denne kvelden var det til saman 13 som deltok. Det blir fire gongar til i år, og siste gong blir 23. september. Da blir det utdeling av premie til alle som har vore med. På programmet står lengde, stille lengde, liten ball, 60 meter og 400 meter. Til slutt blir det servert frukt. For dei over 16 år er det muleg å ta idrettsmerke desse kveldane. Denne torsdagen greidde Emil Ansnes og Jorunn Nordvik kravet.”.
Sjå fleire bilder frå lagseriestemnet på todalen.no.

.png)

