laksand flukt 2_1024x877

Fint, men seint i skog og mark

Laksand i flukt og heipiplerke på Tørsåsen

Det er fine dagar med sol og varme. Vi tok turen mot Tørsåsløa og kom oss mesta fram. I løpet av nokre dagar med varme no vil snøen forvinne. Fortsatt er det tidleg, men laksanda (bildet) og heipiplerka er våryre. Og det var ein vi ikkje kjente att - Gunnar Bureid har eit forslag - og fleire har hengt seg på: Dei meiner det er ein -skvett ja - ein buskskvett!. Sjå kva vi såg:

Laksand
Laksanda hekkar spredt i store delar av landet, særlig i skogtraktane i Aust- og Midt-Norge. Laksanda er stor og elegant med langt, tynt, raudt nebb som er utstyrt med ein tydeleg krok ytst. Våre bilder viser ein hann i paringsdrakt - kvit med grønglitrande hau. Hoa er grå med raudbrunt hau.

Reiret blir plassert godt skjult for eksempel under røter eller store steinar, og dessutan ofte i hule tre. Dei 8-10 kremgule egga blir ruga ut av hoa i 30-32 døgn. Føden til laksanda er stort sett fisk. Denne hannen fant vi ved den lille tjønna skapt av dammen til Gryta kraft ved Grytstoin.

Heipiplerka
Heipiplerka såg vi i toppen av ei furu. Det er ein vanleg hekkefugl utbredt i heile landet. Den liknar mykje på trepiplerka, men vår lerke hadde sin karakteristiske flukt opp over furutrea. Alle piplerkene plasserer reiret på bakken, godt skjult i vegetasjonen. Piplerkene er ikkje lett å sjå. Dei 4-5 egga, gråaktige med mørke flekkar, blir lagt i mai - juni og ruga ut av hoa i 13 døgn. Ungane flyg ut av reiret 10-14 dagar gamle.

Det var ein  vi ikkje kjente att - vi har fått eit forslag frå Gunnar Bureid: Willy, du har bilde av en du ikke kjenner att. Kanskje det er steinskvett? Men obs – jeg har ikke greie på andre arter enn de som er innom brettet her! Har kikka i fugleboka nå.

Tre til har kommet med forslag og alle er einige om at det er ein -skvett - ein buskskvett! Det sier både Marie Karin Rønningsbakk, Ola Eirik Bolme og Jørgen Holte. Kjempebra engasjement og på Trollheimsporten løyser vi det meste!

Kanskje nokon andre kan seie noko meir: redaktor@trollheimsporten.no.

Klikk på bilda under og sjå dei større og i serie:

 

 

laksand flukt 1_1024x1186
Laksanda i flukt.
laksand flukt 2_1024x877
laksand 1_1024x693
Laksanda ved Grytstoin.
laksand 3_1024x699
lerke 1
Heipiplerka i toppen av furua.
lerke 2_1024x718
lerke 3
Bokfink i toppen 1
Bokfinken spelte sine triller.
Bokfink i toppen 2
ukjent 1
Denne kjenner eg ikkje riktig att - kanskje er det ei lerke?
Tørsåsløa 2_1024x501
Tørsåsløa innbyr til ein visitt.
industriområder Rindalsgjeret kirka_1024x577
Til slutt to bilder frå Grytstoin mot Rindal sentrum:
sentrum m Tjønna_1024x549