Margrete og Knut Arne

Landsfinale i Nafs sykkelkonkuranse

Margrete Dalsegg og Knut Arne Fiske Pedersen frå Mo oppvekstsenter deltok i helga på NAF sin sykkelkonkurranse som vart arrangert ved Gardermoen. Dei var representantar for Indre Nordmøre, saman med elevar frå fleire andre skular. Her har Margrete skrive nokre ord om korleis ho opplevde arrangementet.

Den 8. juni kom vi til Oslo. Konkurransen starta 9. juni.

Konkurransen var i LETO-hallen og starta kl. 11.00. Det var ca. 95 stykk som var med.

Vi hadde 3 baner og ein teoriprøve. Bane 1 og 3 var enklast. Bane 2 var kjempe vanskelig og kravde mykje konsentrasjon. På bane 2 var det ein 8 tall, ein vippe planke og ein skrå planke. Eg syntes 8 talet var vanskeligast.

Vi blei delt inn i 4 grupper. Ei gruppe på bane 1, ei på bane 2, ei på bane 3 og ei på eit rom der dei hadde teori prøven. Eg kom på 19. plass av 41 jenter. Knut Arne kom på 28. plass av ca 50 gutar. Det var ein kjempegau oppleving.

Helsing Margrete

Sjå bildeserie her.

Klikk her og sjå reportasjen på Trollheimsporten fra konkurransen ved Mo oppvekstsenter.