
Lang tunnel det mest aktuelle
Ein undersjøisk tunnel frå Ålvundfossen via Svinvika til Åsbøen seglar no opp som billegaste alternativ for å krysse Todalsfjorden ferjefritt. Kort tunnel og bru blir dyrast. Det framgår av nye utrekningar og nye anslag som Statens vegvesen la fram i dag, onsdag, melder tk.no.

– Dei nye opplysingane rokkar ikkje ved tidlegare vedtak i fylkestinget eller kommunestyrevedtak frå Surnadal og Sunndal. Lang tunnel er det mest aktuelle alternativet for denne vegstrekninga, seier fylkesordfører Olav Bratland.
Overfor Tidens Krav grungjev han dette med at anslaget på 1,2 milliardar kroner for undersjøisk tunnel, er hefta med altfor mange usikkerheitsfaktorar mellom anna knytta til manglande data for fjelldjup i Todalsfjorden.
Han viser til at det i fjor var mykje debatt i media om at bru- og tunnelalternativet som vart forkasta ved behandling av hovedplana fra 1988, vil vere betre og billegare enn det vedtatte «Børsetalternativet» (lang tunnel).
– Difor har vi funne det tenleg å gjere ei enkel oppdatering av bru- og tunnelalternativet, seier Bratland. Denne jobben er utført av Statens vegvesen på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune, som i tilfelle blir ståande som eigar og driftsansvarleg for det nye vegsambandet.
Det er berekna at ein undersjøisk tunnel vil kunne koste 1,2 milliardar kroner, medan lang tunnel vil få ein pris på nærare 1,5 milliarder kroner. Alternativet med kort tunnel og bru er utrekna å koste godt og vel 1,7 milliarder kroner.

.png)

