
Langfredag

Eldresenteret langfredag –11. Filipperne 2,5-11.
Foto: Krusifiks i Mariakirka i O'Cebreiro Spania
Me kjem nært innpå Jesus no med påska. Mykje står på spel, der er dramatikk så det held, og kampen på liv og død er meir enn hard nok.
I sitt brev til Filipparane kjem Paulus med – skal me kalle ei oppsummering – på livsløpet til Jesus. Det er forma som ein trusbekjennelse, og er den fyrste trusbekjennelsen me kjenner til. Slik er altså Kristus – og me høyrer lese frå det andre kapitlet:
Lat
det same sinnelaget vera i dykk som òg var i Kristus
Jesus!
Han
var i Guds skapnad
og
såg det ikkje som eit rov
å
vera Gud lik,
men
han gav avkall på sitt eige,
tok
ein tenars skapnad
og
vart menneske lik.
Då
han stod fram som menneske,
fornedra
han seg sjølv
og
vart lydig til døden, ja, døden på krossen.
Difor
har òg Gud
opphøgt
han til det høgste
og
gjeve han namnet over alle namn.
I
Jesu namn skal difor
kvart
kne bøya seg,
i
himmelen, på jorda og under jorda,
og
kvar tunge vedkjenna
at
Jesus Kristus er Herre,
Gud
vår Far til ære!
Kva er dette, om ikkje ei omvendt klassereise?
Her er ikkje berre kaksen, men han som har alt, han som var i Guds likheit, han som var Gud.
Og kva skjer vel ikkje, anna enn at Gud går til grunne. Gud, slik han har gått på jorda i sine tre ti-år blir trødd ned under helen til romerske soldatar, feigskapen til Pontius Pilatus, disiplar som sovnar av og – det kan vera me òg var representert i selskapet der på ein eller annan måte.
Gud går til grunne. Verda er gudsforlatt. Døden rår, og døden har overtaket. Slik er bodskapen for langfredag. Det er den lange og mørke dagen. Det er dagen for liding og overgivelser. Dagen for smerte og soning.
Gud går til grunne. Han såg det ikkje som eit røva gode å vera Gud lik, han Jesus. Han klorar seg ikkje fast i livet, men i staden stiller han livet til rådigheit.
Jesus stiller livet til rådigheit for oss – for at me skal få det han hadde hos sin himmelske far frå før tida fanst.
Jesus stiller livet til rådigheit for oss – og han går til grunne der på korset. Det er ikkje meir att, ikkje meir å hente korkje for Gud eller djevel.
Så er det fullbrakt, dette som blir kalla for soning og forsoning.
Kva har så me å gjera, anna enn å takke?
Takke ja kan me gjera og ta imot det me mest av alt treng: Ein frelsar som gjev oss håp for framtida og kallar det for levande håp.
Så skal det bli rart å oppleva det når det skjer, at kvart kne skal bøye seg i himmelen og på jorda og under jorda og og kvar tunge vedkjenna at Jesus Kristus er Herre, Gud vår Far til ære!

.png)

