Langs gamle Lomundalsvegen

Lomunda Grendahus inviterer til lokalhistorisk vandring langs den gamle Lomundalsvegen laurdag 5. september. Buss (gratis) frå Lomunda Grendahus klokka 1045 til Tiset. Start frå Tiset boligfelt klokka 1100 med lett spasertur cirka 3 km til grendahuset.

- Lokalkjente folk vil krydre turen med historier, forteller Even Svanem til Trollheimsporten.
Det blir matsal (kaffemat, dravle) frå klokka 1300 i grendahuset og etterpå blir det meir lokalhistorie med Joralf Halgunset og Jostein Rise.
- I tillegg blir det tilbakeblikk på turen og underhaldning, forteller Svanem.
For dei som ikkje vil gå turen, er det naturlegvis høve til å møte direkte i grendahuset, som arrangerer denne lokalhistoriske vandringa.