Lanserer ny "Under Skarfjellet"-bok 6. juni
Torsdag 6. juni klokka 19.00 lanserer Erling Myrbostad, Torbjørn Polden og Lars Steinar Ansnes bind 2 av serien "Under Skarfjellet - lokalhistorie frå Eidet og Lykkjebygda" på Stangvik oppvekstsenter.
Forutan orientering om boka, framvisning av bilete og servering, blir det musikalske innslag ved Ole Magne Ansnes, Helge Nilsen Wesche og Per Holten - tre musikarar som er omtala i boka.
Bind 1 i serien kom ut før jul i fjor, og tredje og siste bind er planlagt utgjeve i desember 2019.
Dei tre forfattarane gav i 2010 ut "Kvenndalsboka" og i 2015 "Søyådalsboka" - to bøker dei fekk Kleivaprisen for.
(Arkivfoto frå lanseringa av bind 1, 5. desember 2018)