Lavvo1_350x263

Lavvo-dugnad på Øye

Tysdag 14.juni var det dugnad ved lavvoen til Øye skule i "Trollskogen". Det var ikkje det største oppmøtet, men dei som dukka opp gjorde ein god innsats og arbeidet vart unnagjort som planlagt!

Grus vart fylt inntil, steinar lagt i botnen i grua, ved vart "klåvve" og lagt opp.

Det vart strekt ut tau til klatring og vi fekk unna litt opprydding innmed lavvoen. Om det regna ganske så friskt i periodar, hindra det ikkje latteren i å runge mellom trea fleire gonger!

No står det berre att å få på plass ei bålpanne, så vi både kan få varma oss litt på kalde dagar og lage oss litt mat. Tusen takk til dei som møtte for positiv innstilling og stor innsats!

Lavvoen er til stor glede for elevane frå og med 3.-4.trinn ved skulen vår!

Helsing Marina Kvendset Fiske

(Klikk på bilda for større versjonar)

Lavvo1_1024x768
Lavvo2_1024x1365
Lavvo3_1024x768
Lavvo4_1024x768