django

Ledige plassar i kulturskulen

Kulturskolen på Indre Nordmøre har ledige elevplassar i drama, særleg for dei yngste i Surnadal og i Rindal. Det er også nokre ledige plassar i keyboard/piano i Surnadal og Rindal, melder kulturskulen på si heimeside. Der kan du også sjå nokre fotoglimt frå nyleg gjennomført kaffekonsert og dramaundervisning. Bildet viser lærarane Lubomir "Alex" Alexandrov og Rune Dalager som under kaffekonserten laurdag spela ein latinokomposisjon av Alex. Den fekk namnet "Vårsøg Hotell song".