
Legevakta i Surnadal blir flytta til Orkdal sjukehus frå nyttår
Måndag 3. januar blir legevakta i Surnadal flytta til legevakta ved Orkdal sjukehus. Surnadal kommune går inn i legevaktsamarbeidet i Orkdalsregionen (LIO). Dette er eit samarbeid mellom kommunane Agdenes, Frøya, Hemne, Hitra, Meldal, Orkdal, Rindal, Skaun, Snillfjord og Surnadal. Les meir og sjå meir på heimesidene til Surnadal kommune.

Felles interkommunal legevakt er open alle kvardagar frå kl. 15.30-08.00 neste dag og alle helg- og høgtidsdagar (heile døgnet).
For prioriterte grupper av eldre og barn vil legesenteret i Surnadal vere bemanna frå kl.19.00-20.00 måndag til fredag. På laurdagar mellom kl. 11.00-13.00.
Måten du vender deg til legevakta på blir ikkje endra. Ring legevaktsentralen på telefon 72 48 01 00. Legevaktsentralen er open heile døgnet. Der får du snakke med ein erfaren sjukepleiar som vurderer kva som er rett type hjelp. Ved behov for legehjelp på i vanleg kontortid, ta kontakt med legesenteret i Surnadal, tlf. 71 65 78 00.
Varsling via nødnummer 113 blir som før.
Brosjyre om legevakta vil bli sendt til alle husstandar kring nyttår. Meir informasjon på kommunen si heimeside www.surnadal.kommune.no.

.png)

