
Legevakta i Surnadal blir flytta til Orkdal
Sjå nedafor, eller last ned som pdf-fil Ny legevaktordning
|
Legevakta blir flytta til Orkdal sjukehus |
|
|
Måndag 3. januar
blir legevakta i Surnadal flytta til legevakta ved Orkdal sjukehus.
Surnadal kommune går
inn i legevaktsamarbeidet i Orkdalsregionen
(LIO)
Frå og med 3. januar 2011 blir legevakta å finne på Orkdal sjukehus. Ordninga er felles for kommunane Agdenes, Frøya, Hemne, Hitra, Meldal, Orkdal, Rindal, Skaun, Snillfjord og Surnadal.
Felles interkommunal legevakt er open alle kvardagar frå kl. 15.30 – 08.00 neste dag og alle helg- og høgtidsdager (heile døgnet).
Måten
du vender deg til legevakta på blir ikkje endra. Det betyr at behov
for legehjelp utanom dette tidsrommet skal gå til legesenteret i
Surnadal. I opningstida til den interkommunale legevakta skal ein
vende seg til legevaktsentralen på
telefon 72
48 01 00 som
før.
Der
får du snakke med ein erfaren sjukepleiar som vurderer kva som er
rett type hjelp.
Legevakta si oppgave
Legevakta si oppgave er å gi hjelp til personar med helseproblem som ikkje kan vente til vanleg kontortid.
Legevakta er ikkje meint for deg som har ein vanleg forkjølelse eller sjukdom over fleire dagar utan akutt forverring.
Legevakta kan tilby:
-
Råd pr. telefon
-
Konsultasjon ved legevakta
-
Råd om kontakt med lege i kommunen på dagtid
-
Unntaksvis utrykking av lege
Eksempel på tilstandar som kan vente til neste kvardag:
-
Feber hos barn der allmenntilstanden er god
-
Hoste, vondt i halsen, forkjølelse som ikkje er ledsaga av høg feber
-
Uforandra sykdomstilstand med god allmenntilstand som har vedvart i fleire dagar
Eksempel på tilstandar som IKKJE skal til legevakt:
-
Sjukemeldingar
-
Fornying av resept
-
Kontroll av kroniske sjukdommar
-
Lege- og helseattestar
Ventetid
Sjukepleiar vurderer kor alvorleg tilstanden din er ut frå eit standardisert vurderingsverkty, og i samarbeid med vakthavande lege blir pasientane prioritert. Dette kan føre til ulike ventetider for pasientane.
Betaling på legevakta
-
Legevakten krev betaling etter faste takstar (kontant)
-
Ta med eventuelt frikort
-
Telefonrådgiving er gratis
Korleis kjem eg til legevakta?
EIGEN BIL:
Reiseutgifter over eit visst beløp kan du få refundert av pasientreiser, sjå www.pasientreiser.no eller ring 05515, om ikkje offentleg transport kan nyttast.
DROSJE:
For å få refundert reisa må dette vere avklart med legen før du kan bestille drosje.
AMBULANSE:
For dei som er for sjuke til å reise i vanleg bil. Legevakta vurderer dette.
Alle husstandar i Surnadal vil få ei informasjonsbrosjyre i posten før legevaktordninga startar. Ta vare på denne.
For nærare opplysninger, ring legesenteret 71 65 78 00 eller einingsleiar Helse og familie 71 65 59 26.
Varsling via nødnummer 113 blir som før.

.png)

