Header

Rindal IL fotball:

Leikte med Leik

I strålande haustvèr, tok heimelaget Rindal imot Leik på Rinnvollen laurdag og fekk revansje etter tapet på Hølonda i vårsesongen.

Det var eigentelg aldri noko tvil om kven som skulle få dei tre poenga. Heimelaget køyrde over gjestane og produserte forhaldsvise store sjansar i starten av kampen, med blant anna skot i metallet av Roy Bolme etter to minutts spel. Edvard B. Fjerstad hadde òg ein kjempesjanse etter kvarteret, men bortelagets målmann fekk avverga på meisterleg vis. Sjølv om heimelaget hadde ballen bortimot heile tida, skulle det gå nesten halvtimen før den første satt i nota. Martin B. Fjerstad raidet opp på høgresida og fekk lagt inn til Roy Bolme som satte ballen kontant i mål.

Da sette den berømmelege ketsjup-effekten inn og dei kvitkledde fekk ytterligare to ballar i nettet før pause. Først ved Jostein Landsem som drog seg fint fri inne i målfeltet til Leik, og knalla ballen via begge stolpane og i mål. Landsem sto òg for det tredje målet da han fekk pirka inn ein retur etter skot frå Roy Bolme. Laga gjekk dermed til pause med 3 - 0 leiing til Møllers menn.

Andre omgang starta på same vis som den første; heimelaget styrte og allereie etter eitt minutts spel sette Roy Bolme sitt andre for dagen etter eit skot frå sekstenmeteren. 4 - 0! Det massive presset fortsette, og det skulle bli ytterligare tre mål, først ved Stein Gunnar Rønningsbakk, som lobba elegant over keeperen til 5 - 0, deretter var det Jørgen Gjerstad sin tur. Han fekk sendt iveg eit skot som var såpass velplassert at det gjekk i stonga og inn! 6 - 0!

7 - 0 kom etter eit nydeleg angrep, og det var William Meskun som satte pannebrasken til eit innlegg frå Martin B. Fjerstad og dermed sette den siste spikaren i kista!

Bortelaget noterte seg for berre ein sjanse i løpet av kampen og det var ein særs fortent seier til heimelaget, sjølv om dei frammøtte kunne ana at dei kvitkledde kunne sett inn eit ekstra gir, for det var ikkje festfotball akkurat. Men 7 - 0 skulle halde, det, og laget er dermed klar for 5. divisjonsspel neste sesong òg!

Rindal IL - Leik  7 - 0 (3- 0)

Laget: Anders Grytbakk, Vegard Karlstrøm, Jo T. Bævre, Martin B. Fjerstad, Jørgen Gjerstad, Edvard B. Fjerstad, Harald F. Røen, Sander Landsem Kattem, Stein Gunnar Rønningsbakk,  Roy Bolme, Jostein Landsem. Innbyttarar: William Mesgun, Jøran Heggem, Håkon S. Mikkelsen

Jo går på.JPG
Jo T. Bævre er oppe og legg press
Roy.JPG
Her sett Roy Bolme sitt andre mål for dagen.

Stein Gunnar.JPG
Stein Gunnar Rønningsbakk er i ferd med å lobba ballen over ein utrusande målmann til 5 - 0. Fin prestasjon!

stor sjanse.JPG
Stor sjanse, men Leik`s sisteskanse får avverga.