Leserbrev fra Vietnam

Lomundalingen Eldar Nikolai Almli er på reise i Aust- Asia i påska og har sendt oss eit reisebrev

Her kjem ei lita påskehelsing frå søraust-asia, nærare bestemt Vietnam
og byen Hoi An. Her er det ikkje så mykje som minner om påske, i
allefall ikkje slik vi tenkjer på det i Norge, kanskje med unntak av
eit par gule kyllingar her og der. Påska sin opprinnelege bodskap er
heilt fråverande.  Det var lett overskya om morgonen i dag, men det
vart meir og meir sol utover dagen. Eg vil anslå temperaturen til
rundt 30 grader. Hoi An er ein roleg og triveleg by, som skil seg frå
Hanoi, der turen i Vietnam starta. Folk her er meir avslappa, og
seljarane er ikkje så innpåslitne. Samstundes som det er eit antall
turistar sett i forhold til befolkninga større.

Noko av det eg kjem til å hugse best frå Vietnam er nok alle mopedane.
Det verker som alle her har ein eigen scooter, som dei køyrer rundt på
omtrent heile tida. Det verker heller ikkje som om respekten for
trafikkreglane er tilstede. Den som er hardast på å tute får som
oftast køyre først.

Til slutt vil eg ynskje ei God Påske til alle heime i Rindal!

--
Eldar Nikolai Almli