2F7CAA7A23E9497E8D2B4903E430A1C5

Lesevenn

Sanitetskvinnene i Rindal arrangerte laurdag Lesevenn-samling for barn frå 1. - 3. klasse. Dette er eit samarbeid med biblioteket, og det skal foregå ein laurdag i månaden fram til jul i første omgang. Etter lesestunda fekk alle ete frukt og snakke saman.

Mange barn og unge saknar vaksenkontakt og slit med språkmeistring. Gjennom prosjektet Lesevenn, vil sanitetskvinnene bidra til styrking av språkutviklinga hod barn og behov for trygge rollemodaller.

26D4F9ABEF9F4C0ABA07B1A90C79EF2B_690x921.jpg

Norske Kvinners Sanitetsforening har alltid vore opptekne av utvikling og velvære hos barn. Barn treng å bli sett og oppleve vaksne som gode rollemodellar. Gjennom høgtlesing frå våre frivillige kan vi bidra til at barn og unge får trygg vaksenkontakt, språktrening og kulturforståing. Ikkje minst så er dette ein hyggeleg aktivitet for både barn og vaksne.

Høgtlesing stimulerer ikkje berre språkutviklinga. Høgtlesing er hyggeleg både for den som les og den som hører på. Barn med ulik bakgrunn, leseerfaring og språkmeistring får felles leseopplevingar og kulturforståing. Barna blir kjent med mønster for språkbruk både gjennom lesing og gjennom samtalar i lesestunda. Høgtlesing gjer også at barn med minoritetsbakgrunn får språktrening og blir kjent med norsk kultur.

Hovedmålet med Lesevenn er å skape gode og trygge møte mellom barn og vaksne.

Høgtlesing har mange positive effektar. Høgtlesing styrker utviklinga av talespråket og gjer barna betre både til å lese og å skrive. Barna får verdifull vaksenkontakt og blir sett på ein måte som ikkje handlar om å prestere noko. Ei lesestund kan gi ro i ein kaotisk og travel kvardag. Ikkje minst bidrar litteratur til å øve opp det sosiale samspelet mellom barna og evnen til å forstå og leve seg inn i andre sin situasjon. Det kan også fungere som eit pusterom for foreldre.

32FDB41B83FC4839A100A54F90280087.jpg

Foto: Monica Bolme