Header

Øverbøgdrevyens barneteater:

Leverte til gagns

Søndag hadde øverbøgdrevyens barneteater premiere på forestillinga "Den magiske snøhula" i Sagatun. Publikum kom i hopetal og fylte salen og fekk oppleva ei flott forestilling!

Barneteatret leverte ein meget god forestilling, med gode skodepelarprestasjon og flott song. Historia starta med ei dramatisk kidnapping av dronning øvre Surnadal, ei ugjerning utført av "Folldals-farskainn". Når dronninga sat i fangenskap, vart alle i bygda triste og leie og var slettes ikkje i humør til å feira jul, for utan dronningas magiske krefter låg det an til å bli ei trist jul. Men nokre driftig ungar, med god hjelp av "ØSIL-tassain" og "stjettu-trastainn" frå Duvåsen fekk dei,etter eit basketak med kidnapparane i Folldalen, tak i nøkkelen til fangeholet og fekk befridd dronninga slik at det vart jul i år òg!

Barnehageborn og 1. klassingar var med og gjekk Lucia-tog og var med og gjorde dette til ein kjempefin opplevelse for dei frammøtte og eg trur det var mange som måtte tørka ein tåre frå augnekroken.

Gøran Bolme var med og kompa borna på gitar, og Bolme har òg skrive manus til forestillinga saman med Kristian Nerland.

Barneteatret kan vera svært stolte av det dei har fått til og vi vonar dei fortset og set opp slike forestillingar, for dette gjekk rett heim hos publikum!

Øsil-tassainn.JPG
ØSIL-tassane syng og dansar.

Prinsessa.JPG
Dronninga flankert av "stjettutrastar", ØSIL-tassar og gode hjelparar.

Ovasjoner.JPG
Fortent ståande applaus av eit fullsett Sagatun.