”Likar seint enn aldri”
Det blir alltid for seint, - seiest det når tida går frå oss. Det kunne vel eg ha sagt også, i samband med min produksjon av filmen ”Krigsminner frå Surnadal”. Det vart for seint. Dei som opplevde krigsåra frå 1940 til -45, er ikkje så mange lenger
Men så er det eit anna ord som seier at det er ”likar seint enn aldri”. Og slik har eg opplevd det dei to siste åra, når eg har farta rundt og intervjua folk mellom 80 og 95 år om deira krigsminner. Det vart ikkje for seint. Ein av grunnane til det er kanskje at dei eldre er mykje yngre no til dag. Helsa held mykje lenger, og så lenge dei får vera klåre i toppen, er alderen berre eit tal som syner at dei har levd lenge.
Det å bli gammelmodig ser ut til å bli meir og meir avleggs, og kanskje er det det som gjer at alle opplever at åra går så fort. Dei fleste seier at di eldre vi blir di fortare går åra. Det betyr også at realitetane kjem berre fortar og fortar innpå oss, og da får vi klamre oss til dei orda onkel Kåre kom med ein gong, han som blir 96 på nyåret, at vi får tru forfallet vil starte nedanfrå.
Med dette vil eg berre få sagt her i dei fine spaltene på Trollheimsporten - at film vart det, og du må ikkje bli for sein til å få tak i billett på premieren den 9. september kl. 19:00 i Storstua på Skei. – Men skulle du bli for sein, så kan Pål Anders Norman kanskje slå til med ein ekstra filmkveld. Han vil også ordne det slik at noko av nettoen etter dette går til kreftsaka.
Eistein Bæverfjord
http://www.billettluka.no/surnadalkulturhus