lilly gunn nyheim mons otnes victora henninen cropped

Lilly Gunn Nyheim sin tale 17. mai

Leder i Gunnlovskomiteen i Surnadal kommune, Lilly Gunn Nyheim, heldt tale i Surnadal 17. mai. Her kan du lese heile talen. På bildet er Lilly Gunn Nyheim (t.h.) saman med russepresident Victoria Henninen (t.v.) og ordførar Mons Otnes.


Kjære alle saman og gratulerer med dagen!
 

Velkomne til jubileumsfeiring. Det er triveleg å sjå så mange feststemte barn og vaksne frå heile kommunen i folketoget.

Dette er ein heilt spesiell dag. 17. mai og to hundre år sia Norge fekk si grunnlov. 1814 er kalla eit mirakelår. Eidsvoll var det første skrittet i arbeidet for nasjonal sjølvstendigheit og i arbeidet med å utvikle demokratiet.

Oppslutninga om den norske 17. mai-feiringa er stor og med barna i sentrum. Og på slottsbalkongen har kongefamilien trufast vore til stades – år etter år.

Kongen og dronninga er vi og så heldige å få på besøk no førstkommande torsdag. Da er barnehagar og skular og alle andre inviterte hit for å ta del i markeringa saman med kongeparet. Våre kongar og dronningar har spela ei viktig rolle opp gjennom vår historie, ikkje minst under den 2. verdskrigen.

Kong Christian V (femte) som tok inn på Utistun å Røv i 1685 og kong Fredrik IV som var her i 1704 var einevaldskongar av guds nåde . Den styringsforma låg langt frå det folkestyret som vi fekk gjennom eidsvollgrunnlova.

Korleis var det her i bygda våren 1814. Da budde det 3000 her. Det var eit ungt folk, dominert av barn og unge. Barnedødelegheita var stor, særleg i aldersgruppene under fem år. For to hundre år sia gifta folk seg seint. Den gjennomsnittlege giftealderen var opp mot 30 år. Likevel fekk kvart ektepar normalt fire til fem barn.

På dei primitive vegane våre kjørte vognene seg fast i søle og gjørme i vårløysinga. Landet mangla eigen bank og eigen valuta. Det var riksdalar som var gangbar mynt.

Einaste samlingsstaden var kyrkja og kyrkjebakken. Der vart folk informert om store og små hendingar og ungdom kunne treffast og kanskje finne kvarandre.

I tida frå 1807 til 1814 var Norge trekt inn i ein krig som isolerte landet frå Danmark og Europa for øvrig, og som ruinerte landet. Frå bygdene herikring var det og mange som måtte dra ut i krigen. På toppen av dette kom våte og kalde sommarar og tidlege og kalde haustdagar. Mykje fattigdom og svolt. Ulven og bjørnen var og ei stor plage for folk og fe.

Seinhaustes 1813 invaderte den svenske kronprins Carl Johan Danmark med ein overlegen styrke.  Kieltraktaten ble underskrevet 14. januar 1814, og slo fast at Norge skulle tre inn i en personalunion med Sverige, etter over 400 år i union med Danmark.

I Norge starta eit opprør mot Kieltraktaten. Den 19. februar varsla den danske prinsen, Christian Frederik, valg til ei forsamling som skulle møtast på Eidsvoll.

Fredag 11. mars 1814 vart det arrangert ekstraordinær gudsteneste med valg i Raneskirka og Stangvikkirka.  Frå Surnadal prestegjeld vart presten Finckenhagen og bonde  og gjestgivar Lars Honnstad plukka ut som valmenn, mens det var bøndene Martinus Brøske og Anders Canestrøm som skulle representere Stangvik prestegjeld. Dette vart i år markert med ei fellesgudsteneste søndag 23. februar i Stangvik kyrkje.

På slutten av mars reiste valgmennene frå Ranes og Stangvik til Molde for å velge eidsvollmenn frå amtet/ fylket Møre og Romsdal.

Det er svært imponerande korleis dei på under 2 mnd klarte å organisera både valga og reisa til Eidsvoll, samt deltakinga i Riksforsamlinga, -på ei tid der både postgang og reisetid var hinsides dagens reisemåtar og E-post.

Alt vart organisert i hui og hast . Det var på ein måte fullstendig unntakstilstand. Situasjonen var ukjent og uvant for alle.

Men: Den 10. april samla 112 representantar seg på Eidsvoll. Frå Møre og Romsdal møtte fem, ingen herifrå.  17. mai 1814 vart europas mest moderne grunnlov satt ut i livet. Den var prega av datidas idear om folkesuverenitet, frihet og maktbalanse. Christian Frederik blei deretter einstemmig valgt til Norges konge.

Dette likte ikkje svenskane, og gjekk til krig mot Norge. Overmakta blir for stor, og den 4. november vedtek Stortinget ei ny grunnlov tilpassa unionen med Sverige. Den varte fram til 1905.

Den 20. mai avslutta dei Riksforsamlinga, tok kvarandre i hendene og sverga ”Enige og tro til Dovre faller” før dei dro tilbake til sine heimstader. Det var ein kald maimånad her i bygda kring det leitet grunnlova vart underskriven på Eidsvoll. Men høyavlingane slo godt til, og kornhausten vart visst også middels til sist. Det gjorde godt etter at krigen og uåra hadde tæra både på helsa og velstanden.

Kanskje eit varsel om betre tider?

Åra etter 1814 vart da også ei stor endringstid. Rindalingen John Neergård, også kjent som formannskapslovas far, med fleire medhjelparar her i Surnadal, kjempa mot eit undertrykkende embetsverk for at folket skulle få større makt. Vi fekk formannskaplovene i 1837 og med det eigne kommunar og lokalt folkestyre. Klubba i kommunevåpenet til Rindal symboliserer nettopp dette.

Vidare utover 1800-talet fekk vi lag- og organisasjonsliv, Vi fekk politiske parti og allmen stemmerett i 1913 – ei begivenheit som vi markerte i fjor i Gammelfabrikken på Talgø. Der hedra vi og vår tidlege industripioner Tora Talgø – kvinnfolka var no på tur inn i styre og stell, universitet og skule og næringsliv. Ein likestillingskamp som har prega mykje av det siste hundreåret.

Neste år er det femti år sia kommunane Åsskard, Stangvik og Surnadal gjekk saman til ein kommune. Vi er om lag 6000 innbyggarar – det dobbelte av kva vi var innafor dei same grensene i 1814, og vi har vorte eit meir mangfaldig samfunn. Ikkje minst gjennom busettinga av flyktningar det siste året. Dette gir oss mulegheita til å bli kjent med nye kulturar og den som veks opp blir betre førebudd på å møte dei multikulturelle samfunna som vi i dag finn rundt om i landet og verda forøvrig. Velkomen skal de alle vere til bygda vår. 

Ikkje alt i Grunnlova frå 1814 har vi vore like stolte av. Det gjeld ikkje minst Grunnlova si  opprinnelege bestemmelse om å utelukke blant andre jødar frå riket, den såkalla jødeparagrafen.

Forfattaren og samfunnsdebatanten Henrik Wergeland arbeidde for å endre den delen av  grunnlova. Han blir også gjerne oppfatta som 17. maifeiringas «far» i Norge.

Den norske Grunnlova av 17. mai har viste seg å vere framtidsretta og levedyktig.  Som europas eldste og verdens nest eldste gjeldande konstitusjon, er Grunnlova i dag eit samlande symbol for friheit, sjølvstendighet og demokrati.

Mange av dei som møtte opp på Eidsvol meinte også at alle menneske er født like og frie. Det underlege er, to hundre år seinare, at vi må stå opp og forsvare dei same verdiane i dag.  Vi må overbevise oss sjølv og ande om at dette er verdiar som skal gjelde alle folk uansett tru, herkomst, kjønn, hudfarge, seksuell legning eller etnisk tilhørigheit.

Grunnlova er viktig for vår identitet og utvikling, og no i jubileumsåret har vi fått mulegheita til å lære mykje om det som skjedde i 1814. Dette må formidlast til kvar ny generasjon. Dei igjen etterlet sin versjon av sjølvstende og demokrati. Jubileet er derfor ei investering for framtida like mykje som ei feiring av fortida.

Eidsvoll 1814 skal i samarbeid med NRK P1 Norgesglaset markere Grunnlova sine 200 år med ei broderkjede som strekker seg frå nord til sør den 20. mai kl. 1200 i neste veke. Fleire skular og barnehagar her i kommunen skal vere med på dette og gjere det same som eidvollmennen gjorde på Eidsvoll denne dagen i 1814. Med broderkjeden og eden «Enig og tro til Dovre faller» viste eidsvollmennene sitt sterke samhald.

Med den same eden og liknade  broderkjede skal barn og ungdom vise at vi no fortsatt står saman om demokratiet i 200 nye år. 

Med dette vil eg ønske alle saman ei fortsatt god feiring av Grunnlovsdagen og seier tusen takk for meg.
 

Lilly Gunn Nyheim

Leiar i grunnlovskomiteen i Surnadal kommune