Lina Roindt
Jon Arne Gaundal fra Steinkjer vann klart det 35. Lina Roindt-løpet som Rindal IL arrangerte søndag. Litt over 200 deltok i trim- og konkurranseklasse til saman.
Lina Roindt har start og mål ved Torshall i Bolme. Konkurranseløparane sprang ein runde på 10,8 km om Rindal sentrum. Trimmarane har to alternativ, ein runde om Rinnvollen (3 km) og ein om sentrum via Sunnabrua (6,7 km). Fra Sunnabrua kan ein velge å gå den fine Elvepromenaden langs Surna fram til Torshall.
Jon Arne Gaundal (over) frå Steinkjer FIK fekk tida 35,21. På andreplass kom Johan Tøndel Hammer fra Børsa IL på på tida 36,57. Ole Arnold Sødal fra Kyrksæterøra IL (37,03) vart nr.3.
Marthe Rødsgaard fra Rindal IL vann kvinneklassen på tida 50,17.
21 av dei mesta 200 deltakarane deltok i konkurranseklassen.
Uma og Rachel gjekk full runde, prata og kosa seg i det fine søndagsveret.
Ane og Elise var glade etter gjennomført runde.
Tor Jarle Bolme var kunnskapsrik speaker, og hadde kontroll på det aller meste!
Det vart også tid til ein prat med vinnaren. Neste helg står Gaundal på startstreken i Berlin Maraton
Even og Mikkel tøyer godt ut etter runden.
Start konkurranseklasse.
Arne Berg frå Meldal jogga heile Lina Rundt med Bjørnar i vogna! Som alle dei andre kjente han fordelen av medvind nedover Bjørnåsøyan.
- Det var ikkje så langt som eg trudde, sa han etter målgang.
Familien Bjørnstad - Dimmen med Sondre, Oddveig og vesle Brage stilte også med startnummer.
8. klasse vann skolecupen hårfint foran 5. klasse og blir inviterte til ein pizza-kveld.
Resultatliste finn du her hos Rindal IL! Sjå fleire bilde nedafor og på Rindal IL Friidretts Facebookside.