
Liten krabat
Snømåking er ikkje alltid oppløftande... - Ein vil helst sleppe. Når blikket fell på noko mørkt i den kvite snøen, er det grunn for pause. Ei samankrulla, lodden, brun åme gav meg pausegrunn. Inn etter fotoapparatet. Kva for skapning var dette?

Eg fann ikkje svar i bøker heime. Eg har sett liknande småkryp før, men dei har vore svarte. Løysing?
Sende epost med bilde til Gunnar Bureid!
Han sendte spørsmålet vidare til ei spørreside hos biologforeningen.
Svaret lydde: Det er en Phragmatobia fuliginosa (rustvingespinner). Og da så!
"Funn av denne arten innrapportert på Artsobservasjoner.no i 2010 fra Surnadal, av Jo Heggset og Gøran Bolme," har Gunnar Bureid funne ut.
Du kan lese mer om Rustvingespinneren i Wikipedia.

OleT

.png)

