neal2_250x394

Liverpool-legende til Surnadal!

Liverpool-legenden Phil Neal (59) kjem til Surnadal 18.august. Der skal den tidlegare engelske landslagsspelaren sjå minikampar på Syltøran, og etterpå delta på Sportsmans Dinner på Hammerstuene i samband med lanseringa av Ragnhild Lund Ansnes si bok "Liverpoolhjerter".

Phil Neal har blir særleg hugsa som høgreback på Liverpool sitt storlag på siste halvdel av 1970-tallet og første halvdel av 1980-tallet, der han var med på å vinne åtte ligameisterskap og fire triumfar i Europacupen for serievinnarar. Han fekk også 50 landskampar for England, og deltok i VM i 1982.

Neal er den nest mestvinnande spelaren i engelsk fotball gjennom tidene, (bare slått av Ryan Giggs). I tillegg til åtte ligameisterskap og fire sigrar i serievinnarcupen, har han ein siger i UEFA-cupen, fire i Liga-cupen, ein i Super-cupen og fem sigrar i Charity Shield. Neal har også ein imponerande rekord som det kjem til å være svært vanskeleg å slå. Han spela nemleg 417 kampar på rad frå 23. oktober 1976 til 24. september 1983!

Etter at han forlot Liverpool i 1985, vart Neal spalande manager i Bolton. Han hadde også korte periodar som manager i Coventry og Manchester City, og har vore assistenttrenar på det engelske landslaget.