
Kven blir årets sildballkokar?
Loddet er kasta
Klikk på bilda ovafor og sjå dei større og som bildeserie!
Bolme Pensjonat vann pokalen under første sildballfestivalen i 2008, og i 2010 var det Kjøkkenet ved Rindal Helsetun som tok med seg vandrepokalen. På bildet til venstre ser vi pokalen i hendene på Bente Svinsås. Begge desse kokarane deltek i år også, i lag med 3 venner og Matgruppa til Venneforeninga ved Rindal Bygdemuseum.
Juryen i år består av Stein Gunnar Rønningsbakk frå Ungdomsrådet, Olav Helgetun frå Eldrerådet, Mali Svanem, Marianne Løset og Lars Langli (og Birger) frå folket. Sildballgeneral Oddbjørn Heggem (t.h.)tok inn vurderingsarka til juryen og heldt dei bokstaveleg tala tett inn til brystet. Resultatet er strengt hemmeleg til laurdag kveld, og vurderingsmateriellet blir destruert etter at Heggem og konsulentane hans (Vigdis Trønsdal og Ragnhild Romundstad) har summert resultata.
På bildet ser vi dei fire konkurranseporsjonane med tilbehør. NB: Porsjonane til bedømming hadde berre ein ball kvar.
Juryen gav uttrykk for at det var forskjellig smak på dei fire tallerkane. Fleire meinte ein av porsjonane var tammare i smaken, men ingen veit om det var den samme dei sikta til. Alle lika sildball godt, men det var berre ein som laga sildball sjølv, og det var Lars Langli (t.v.). Det var også berre på bordet hans at alle tallerkane vart tomme. Sjølv om dei var to om det, så er det ein god attest til alle kokarane at den einaste sildballkokaren i juryen åt opp alt!
Laurdag kan vi alle få oss eit skikkeleg sildballmåltid i Rindalshuset frå kl.13:00 til 16:00, og om kvelden er det "Sildballdans" med bandet Hovin Oldstars og Lars Landsem som stemningsskaparar. Da blir det servert steikt sildball. I tillegg til den offisielle kåringa av den beste sidballkokaren, blir det kappeting av sildball. Sjå tidlegare oppslag på Trollheimsporten her!