
Løfall songlag
Løfall songlag med dirigent Per Ljøkjell
!. rekke: Gudrun Løfaldli Holte, Gudrun Møkkelgård Moen, Nanna Løfald Haltli, Olga Holte Løfald, Gyda Brønstad Heggem
2. rekke: Ester Løfaldli Landsem, Gerd Trønsdal Kleven, Margit Løfaldli Trønsdal, Marit Løfaldli Ljøkjell
3. rekke: Peder Øyen, P.J. Romundstad, Olav Brønstad, Ingebrigt Løfald, John Løfaldli
4. rekke: Jon Løfald, Tormod, Løfald, Ingar Løfald, Ola Løfaldli, Olav Løfald, Mikkel Løfaldli
Løfall songlag opptrer i friluft. I venstre bildekant kan vi skimte eit flagg, så dette er truleg 17. mai. Men kvar er bildet teke og i kva år? Vi dreg kjensel på nokre boktingar, men vil gjerne ha hjelp til å identifisere alle. Kor lenge eksisterte dette koret?
Gudrun Moen meiner dette bildet er teke heilt i starten av karriera til koret, og at bildet må vere frå 17. mai 1949 eller 1950. Fremst frå venstre: Berta Løfald Svorkås, Nanna Løfald Haltli, Gudrun Møkkelgård Moen, Ragnhild Løfald Bjerknes.
2. rekke: Gerd Trønsdal Kleven, Gunvor Løfaldli Græe, Kristine Løfaldli Rindal, Marit Løfaldli Ljøkjell.
3. rekke: Tormod Løfald, P. J. Romundstad, Magnar Solem, John Løfald, Erling Trønsdal, Mikkel Løfaldli, Jon Løfaldli og Arne Løfaldli
Om sommaren drog Løfall songlag gjerne på songarstemne. Dei arrangerte også songarstemne i Rindal med base i Trollheim. Her er koret på tur til Oslo med Magnar Negård som sjåfør først på 50-talet. På busstaket var det fylt opp med bagasje og på vegen køyrde dei seg fast i ein undergang, slik at bagasjen ramla av. Bagasjen måtte plukkast ned og berast gjennom undergangen og her blir det arbeidd med å få bagasjen på plass på taket att. Jentene i selebukser som står med ryggen til er Gudrun Moen og Gerd Kleven. Ifølgje Gudrun var buksene raude og sikkert siste mote.
Gudrun fortel også at dei overnatta i ikkje alt for komfortable telt på turen, som like vel var ei stor oppleving for ungdom frå Bokta som ikkje var så utreiste på den tida. Dei var mellom anna innom Dovregubbens hall på turen.
Dette bildet er frå 100-årsjubileet for Rindal kommune i Trollheim, huset som nyleg vart rive. Det må ha vore i 1957, sidan Rindal vart eigen kommune i 1857. I forgrunnen ser vi medlemmer av Løfall songlag som hadde opptreden denne kvelden. Kvinnene har songarhuvene på, medan karane, som seg hør og bør, har tatt av seg huva under måltidet.
Frå venstre ved bordet nærast: Jon Løfaldli, Gudrun Løfaldli Holte, Ingar Løfald, Ester Løfaldli Landsem, Olav Brønstad, John Løfald, Nanna Løfald Haltli og Gyda Løfald Heggem. På motsett side: Peder Øyen og Mikkel Løfaldli.
Ved det andre bordet med ryggen til nummer 2 og 3 er Inga og Olav Romundstad. Rett overfor dei sit Marit og Ingolf Ljøkjell. Litt lenger bort kan vi sjå Asbjørn Flø.
På denne tida var Løfall songlag det einaste songkoret i Rindal og var derfor ettertrakta som underhaldningsinnslag på mange arrangement både i og utanfor bygda.