Løssi langnatt

Natt til 13. desember er lucianatta, eller Løssi langnatt. "Løssi. løssi, langnatt, ho er lang som tri," sa kyrne og beit tre gonger i bandet før dagen endeleg kom.

Og den Løssi ein her snakkar om, var langt frå noen helgen, men ein vetteaktig skapnad frå mytene, som luska rundt hushjørna i dei mørkaste dagane i året og såg etter ungar som ikkje var snille. Det var rett og slett farleg for menneska å ferdast ute på denne tida.
Løssi passa òg på at førebuingane til jul var i rute og at all spinning og trøsking var unnagjort. Baking og ølbrygging måtte settast i gang, og Løssi kom gjerne for å prøvesmake godsakene.
 
På sjølve julekvelden sette ho seg på taket og ropa ned i pipa at no måtte ein halde opp med både brygging og baking. Viss ikkje, reiv ho ned pipa.
 
Sjølv om nordmenn no til dags ikkje har noko spesielt forhold verken til Lucia eller Løssi, kan det vere verd å diske opp med ferske lussekatter og varm kakao i denne mørke og kalde helga:
 
Lussekatter:
 
1 kg kveitmjøl
1/2 ts salt
50 g gjær
1/2 l mjølk
1 egg
litt sukker
litt safran (ikkje nødvendig, men det gjer susen!)
 
God Luciahelg!