
Diskotek med lyd- og lysanlegg til 300.000 kr blir opna i jula
Lovar trøkk på Råkk
Med det mest moderne av lyd og lys på plass, opnar Vårsøg Hotell i romjula det nye diskoteket Råkk. 300.000 kroner kostar anlegget som skal sørge for gromlyd og lysshow. - Dette er topp kvalitet og eit diskotek du ikkje finn mange andre plassar, seier ein fornøgd hotelldirektør Bergsvein Brøske.
Det ombygde hotellet i Surnadal har ikkje berre satsa pengar på inventar og møblar. Også det beste innan lyd og lys skal vere på plass for å lokke folk til hotellet.

Store delar av "nye" Vårsøg Hotell sto ferdig i november, og no i desember har bygginga og innreiinga av Råkk pågått for fullt. 2. juledag opnar dørene til det nye diskoteket med 80-90 sitjeplassar, og både den dagen og 4. juledag er det 20 års aldersgrense.
Men Råkk skal også vere hotellet sitt tilbod til dei litt yngre, og 6. juledag blir første dag med 18-årsgrense.
- Dette er eit tøft anlegg, og vi er svært godt fornøgd med både romma og oppbygginga, seier direktøren, før han saman med driftsteknikar Ole Erik Bævre demonstrerer for Trollheimsporten kva lyd- og lysanlegget er godt for. Og det må garantert bli trøkk med denne teknologien på plass!

- Det er viktig med eit godt ungdomstilbod i bygda, og i tillegg til 18-årsgrense kjem vi innimellom også til å ha rusfrie arrangement på Råkk, fortel Bergsvein Brøske, og legg til med eit smil:
- Men vi med kofte er nok ikkje den primære målgruppa her!
Surnadal kommune gjennom næringsfondet har støtta hotellet si diskoteksatsing med 150.000 kroner, noko Brøske er svært glad for.
- Vi treng topp kvalitet på denne typen tilbod. Vi driv i ei konkurranseutsett næring, og det er kundane som avgjer. Men vi konkurrerer heller ikkje med andre diskotek eller uteplassar i området om kundane, så støtta frå næringsfondet er ikkje konkurransevridande, seier Brøske, og legg til:

- Hotellet treng musikkinteressert ungdom som kan vere DJ på Råkk. Det er berre å ta kontakt!

.png)

