Lucia på Helsetunet

I dag har det vore Lucia-markering på Rindal Helsetun. Vel 30 unger kom kvitkledd, berande med lys og stjerner og glitter i håret. Det var eit fint syn og dei var dyktige til å synge. Dei som gjekk var 1. klasse frå Rindal skole og 1. og 2. klasse frå Øvre Rindal skule. (Tekst/foto: Elisabet Halgunset)


Her kjem dei. Øvre Rindal skule først.

Gro Magnhild Brønstad (t.h.) er lærar på Øvre.