Modellfly 3_350x211

Luftakrobatikk i påskesola

Varm sol og berre nokre få skyer på den blå påskehimmelen i Surnadal: Ikkje rart modellflyentusiastane Geir Mogstad (bildet) og Einar Holten nytta langfredagen til luftakrobatikk!

Mogstad og Holten sit i styret i Surnadal Modellflyklubb, som totalt har rundt 15-20 medlemmer som så sant veret tillet det, samlast for å dyrke den luftige hobbyen sin på jordområdet dei har til disposisjon mellom Heggset og Bøvra.

- Dette er første gong vi prøvar modellflya våre i år. Utover våren og sommaren brukar medlemmene å samlast i helgene, og alle som er interessert i å bli med - eller berre har lyst til å sjå på - må gjerne ta turen, seier Geir Mogstad og Einar Holten.

I klubben er det modellfly i alle størrelsar, utføringar og prisklassar, frå nokre få tusen kroner til dei som kostar titusenvis av kroner. Det blir bruka ulike teknikkar, frå roleg flyging til dristig akrobatikk.

- Modellflyging er sjølvsagt ei treningssak, og det hender vi må reparere fly som går i bakken. Men det er ikkje spesielt vanskeleg å styre eit modellfly, og det er ein verkeleg artig hobby!