IMGP8896_690x460

Husmøte, Kulturvøkku 2017:

Luther, frå munk til reformator

Bernt Bøe var i storform da han mandag kveld delte av kunnskapen sin om Martin Luther på det 26. husmøtet i Løsetlånna på Rindal Skimuseum. Publikum fekk to fengande forelesingar med god kaffipause mellom.

2017-07-03 20.02.58.jpg

Dette var 3. gongen at Bernt Bøe deltok på husmøtet på museet under Kulturvøkku, men blir truleg ikkje det siste. Mandag kveld var det Martin Luther som var temaet hans. I år er det 500 år sidan han slo opp dei 95 tesene/setningane på kyrkjedøra i Wittenberg i Tyskland, så dette vart eit jubileumsforedrag.

Vi fekk eit møte med både kyrkjesoga og katekisma som dei fleste i Løsetlånna kjente frå skulegangen sin. Salmane frå Norsk Salmebok denne kvelden var også etter Luther.

Oppveksten til Martin Luther var prega av redsel for ikkje å strekke til for Gud. Under eit kraftig torever med lynnedslag rundt seg bad han
- Frels meg, St.Anna, så vil eg bli munk.
Luther levde i kloster som munk i 3 år. Han var ein oppriktig munk og hadde stor respekt. På ei reise til Roma for å løyse ei teologisk konflikt, vart han sjokkert over korleis dei levde der.

I Roma var bygginga av Peterskyrkja sentral, men svært kostbar. Det førte til at avlatshandelen, salg av tilgjeving og nedkorting av tid i skjærselden, tok av.

Mange hugsar orda til avlatspredikanten Johann Tetzel: Når pengane i kista kling, straks sjela or skjærselden spring!

31. oktober 1517 slo Martin Luther sine 95 teser mot avlatshandelen opp på kyrkjedøra i Wittenberg. Dei var ikkje meint som opprør, men som eit råd til kyrkja, som Luther var svært glad i. Kyrkja tok ikkje imot råd, så dermed vert dette rekna som starten på reformasjonen som Luther og venene hans stod i spissen for.

Martin Luther levde så ei tid under dekknamn etter ei vennskapeleg kidnapping. Han omsette Det Nye Testamentet til tysk, noko som på ein måte var grunnleggande for det tyske skriftspråket.

Mange av tilhengarane til Luther var svermarar som gjekk lenger enn han ønska, og Luther hadde også haldningar som vi ikkje kan akseptere i dag. Jødesynet hans kan vi ikkje godta, og heller ikkje at tyrkarane, eller muslimane, var vondskapen sjølv. Her var Luther prega av sin tidsalder og kulturforståing, sa Bernt Bøe.

Luther var trufast mot Fyrsten, som måtte vere den øvste også i kyrkja. Dette synet gav god politisk støtte til reformasjonen. Fjerninga av kravet om sølibat, og gudstenester med salmer og preike på morsmålet fremma også oppslutninga.

I 1526 fekk vi Deutsche Messe – liturgi på morsmålet, og vi fekk også ei salmebok på tysk.

Luther var mykje sjuk dei siste åra. Han hadde visstnok nyrestein. Han levde eit liv i og med bønn. Han bad 1 time kvar dag, men om han hadde det riktig travelt, bad han 2 timar.

Songen og musikken var viktig for Luther. - Syng helsebringande kyrkjelege salmer, sa han. - Nest etter Guds ord, er musikken! Musikken driv sjølvaste djevelen på dør, - han toler ikkje GOD musikk.

Han var også uenig i at kunsten i kyrkjerommet tok plassen for den rette læra. Mange stader vart helgenbilde, gamle bøker og arkiv ødelagt under reformasjonen. Vi fekk høre om den gamle stavkyrkja i Stangvik der dei etter reformasjonen fann restar av ei gammal altertavle med katolske motiv gjenbrukt som materiale i ein kyrkjestol.

I Stangvik var Gudmund Svendsen prest 1524 til 1568, altså både før og etter reformasjonen vart innført. Det tyder at han var diplomat. At det var særleg mange som fekk namnet Gudmund/Gullmund på den tida, fortel også at han var ein som folk såg opp til, meinte Bøe.

Det allmenne prestedømmet har vi også etter Luther. Bernt Bøe minte om det lokale trusopplæringsprosjektet «Kyrkja mi» der barn og unge, og særleg konfirmantane fekk delta i gudstenesteoppgåver. Det var på Luthersk grunn!
- Ta ha’n lika, sa Bernt Bøe.

IMGP8901.JPG

Organisten Bernt Bøe er også sjølvsagt glad i musikk, også katolsk tradisjon, bekjenner han. Musikk skal tene Skaparen, og det har Johan Sebastian Bach fått til. Vi fekk dessverre ikkje demonstrasjon av det. Orgelbelgen i Løsetstøggu var ikkje tett nok!

Martin Luther vart gift med Katharina von Bora, tidlegare nonne, og dei fekk 6 barn i lag. To døtre døde tidleg. I tilleg til eigne barn, tok dei til seg 4 barn til. Dei hadde stort hus, eit tidlegare kloster, så dei hadde plass til gjestar også.

Martin Luther hadde ordet i si makt, og sidan mange sat ved langbordet i Løsetstøggu, tykte Bernt Bøe at det passa å referere nokre av Luthers bordtalar. Når Luther tok ordet, hørte dei andre etter, og det er dei som har skrive ned bordtalane. Bordtalane er å få i bokform på norsk.

Til avslutning song alle den mest kjente Luthersalmen, Vår Gud han er så fast en borg. Det er den største salmen av den største mannen skrive i den største perioden i tysk historie, sa Bernt Bøe.