Picasa

Trekningsliste

Lykke er å vinne kake på Kyndelsmessebasaren

Den årlege Kyndelsmessebasaren vart avvikla sist fredag med høg vinnarlykke og god basarsøg på Rindal Bedehus. Det var mykje folk, og ekstra mange ungar.

Ekte vinnarglede!

Kantor Daniel Bjørlo hadde med seg Ungdomskoret som song friske songar.

Mange viljuge hender og føter sørga for god flyt i åresalg og trekningar.
Dei to konfirmantane som leda basaren i lag med Kjellaug Foseide, takka alle for oppmøtet og innsatsen!

Det vart også tid til historisk tilbakeblikk på misjonsarbeidet i Rindal. Ragnhild Stavne Bolme og Arvid Koksæter hadde bladd i gamle dagsregister over geistlege Embedsforretninger. Der fann dei mykje interessant som vi kanskje kjem tilbake til seinare.

Dei fann ut at første misjonsmøte med utlodning vart halde på Rindal skole kyndelsmesedagen, 2.februar 1891, så det er lang tradisjon med misjonssamling kyndelsmessedagen i Rindal.