"Lys imot mørketida" i Stangvik
Konsertens «logo» er inspirert av Trygve Hoffs «Et lys imot mørketida», som Maria og Andreas syng i konserten.
Unge songsolistar, to pianistar, to kor og eit lite orkester tenner lys mot mørketida i Stangvik kyrkje søndag kveld kl. 19.30.
Sigrid Vetleseter Bøe med venner frå Trondheim syng klassisk julemusikk og folketonar. Åsskard Kyrkjekor, Todalskoret og eit lite orkester sluttar seg til med scenisk kantate. Ved tangentane finn du skiftesvis Hedda Hansen Berg og Tor Eivind Strand.
Adventskonserten er oppfølgjar til fjorårets suksess «Tonar julenatt». Stangviks eige «Julvers», Adams «O helga natt» og Verdis vakre «Ave Maria» er blant favorittane til gruppa frå Musikkonservatoriet – barytonen Andreas Moen, alten Maria Nohr og sopranen Sigrid Bøe. Også no har dei Hedda Hansen Berg ved flygelet – som tonefølgjar og som solist i fantasiar over nettopp «Julverset» (av Trygve Brøske) og «Tre nøtter til Askepott» av Svoboda.
Berit Anne Røkkum saman med korfolk har pynta kyrkja særleg denne gongen. Dette for å skape ei stilig scenisk ramme om det avsluttande verket – kantaten «I denne søte juletid». Kor, solistar, organist, strykarar og blåsarar framfører her sjølve juleevangeliet i enkel dramatisert form – med kyrkjerommet tilrettelagt som scenisk adventlandskap. Solistar i kantaten er Nora Bøe, Sigrid Bøe og Øystein Moe.
Og sjølsagt tonar allsongen innimellom – før konserten munnar ut i «Deilig er jorden».
Tekst og foto: Bernt G Bøe
Klikk på bilda for å sjå dei større og i serie