Lysmesse gav julestemning
Torsdag kveld, 13. desember, var det lysmesse i Mo kyrkje. Julestemninga kom sigande denne kalde, klåre kvelden. Songkoret Tormod dirigert av Elin Persson song og Knut Arne Fiske Pedersen spela horn ilag med organist Oddveig Helset Halle.
Konfirmantene og andre ungdommar hjalp soknepresten Vidar Rygh med tekstlesing og lystenning. Det var både høgtideleg og artig! Til slutt vart det kyrkjekaffe og veldig gode lussekatter som Oddbjørg hadde baka ei stor korg av. Ei fin førjulsstund i Mo kyrkje.
Lusekattene til Oddbjørg
Knut Arne Fiske Pedersen og Oddrun Helset Halle
Songkoret Tormod
Tekst/foto: Tove Mogstad.