Lysmesse 05122010736_700x580

Lysmesse

"Mykje lys og mykje varme" vart det i Rindal kirke under lysmessa i kveld. Konfirmantane deltok. Preika til sokneprest Lene kan du lese nedafor! Oppdatert med eit par bilder søndag kveld!

Lysmesse – Rindal kirke 2.søndag i advent 2010
Lukas 21,25-33


 

Når Menneskesønnen kommer
Det skal vise seg tegn i sol og måne og stjerner, og på jorden skal folkene bli grepet av angst og rådløshet i larmen fra hav og brenninger. Mennesker skal forgå av redsel og gru for det som kommer over jorden. For himmelens krefter skal rokkes. Da skal de se Menneskesønnen komme i skyen med stor makt og herlighet. Men når dette begynner å skje, da rett dere opp og løft hodet! For da skal dere snart bli satt fri.»

 

Lær av fikentreet!
Han fortalte dem en lignelse:
«Se på fikentreet og alle andre trær! Når dere ser at de springer ut, vet dere av dere selv at nå er sommeren nær. Slik skal også dere vite, når dere ser dette skje, at Guds rike er nær. Sannelig, jeg sier dere: Denne slekt skal ikke forgå før alt dette skjer. Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.


 

Det er ikkje berre på 17.mai me treng å takke hjarteleg og inderleg for at me er fri. Me kan gjerne gjera det lell òg: Me er fri til å tru kva me vil, fri til å meine kva me vil, me har demokrati lokalt og nasjonalt, - og langt på veg er det vel òg slik at me bur her frivillig.


 

Me er fri til å meine kva me vil og gjera deretter, og det som er av reglar og reguleringar skulle – i alle fall etter intensjonen – vera til felles beste.


 

Kva skal me så med meir fridom enn den me allereie har?? Har me ikkje nok med den fridomen me feirar kvar 17.mai, om me ikkje skulle ha endå meir fridom?


 

Jesus fortel oss at me treng meir – eller noko anna.


 

Han kjem til oss og seier noko om at ”Mitt rike er ikkje av denne verden.” Han talar til oss om Guds rike, og gjer det på ein slik måte at me er invitert til å koma inn, invitert til å delta, invitert til å vera med.


 

Så er det lett at me – særleg me som er vaksne – oppfører oss ganske primitivt. For me seier at: Nei, dette er ikkje bra nok. Me likar ikkje betingelsane. Me vil ikkje ha noko med Guds rike å gjera.


 

Og endå til: Så blir me sure på Gud og kyrkje og endåtil han som blir kalla for Mulla Kvarme for at me ikkje får vera med!! Fyrst stiller me oss utanfor for at me ikkje likar betingelsane, og så – når me måtte sjå konsekvensen av kva me – i alt me har av fridom til å velja – har gjort, så er det òg gale.


 

Kva er så betingelsen for å koma inn i Guds rike? Kva er forutsetningen for å kunne gle seg og sjå fram imot det som skjer når teikna tek til å vise seg i sol og måne, når Jesus kjem att i herlegdom?


 

Betingelsen er ganske enkelt å ta Jesus på ordet når han talar til oss om fridom. Jesus seier noko om at hvis han får frigjort oss, då skal me vera verkeleg fri.


 

Fri heilt på ordentleg. Fri frå det me bèr av synd og skuld. Fri frå døden og dødsriket som den einaste slutten på livet. Fri frå alt me bèr med oss av skam og utilstrekkelegheit.


 

Forutsetningen for at me som skulle vera Guds rike i Rindal ikkje skal gå surt og mugne på rot, er at Guds menigheit tek imot det me får:


 

Friheit i Jesus Kristus så me blir gjort fri til å leva i tilgivelse og med både framtid og håp føre oss – like inntil det skjer at han kjem att for å hente sine til seg.

 

Konfirmantane deltok med lystenning og tekstlesing