åsmund ormset og gro kjelleberg solli

Målprisen 2019 til Gro Kjelleberg Solli og Unni Boksasp

Målprisen frå Nordmøre Mållag for 2019 er tildelt to personar med same bakgrunn. Gro Kjelleberg Solli og Unni Boksasp får prisen for musikken sin og for innsatsen med CD-en til boka «Enno så segla ho Magnill». Dei song inn songane og var med på produksjonen.

Begge har i mange år vore dei fremste formidlarane av den nordmørske folkemusikktradisjonen.

Det er vanleg at målprisen blir utdelt på årsmøtet, som vart arrangert i Surnadal laurdag. Unni kunne ikkje møte, men ho får prisen utdelt på eit arrangement neste søndag.

Sjølve målprisen er eit diplom og eit keramikkfat laga av Sigrun Hesjehagen
 

Teksta på diplomet Gro fekk:

"Gro Kjelleberg Solli kjem frå Angvika i Gjemnes kommune, og har vore ein viktig formidlar av den nordmørske tradisjonsmusikken i mange år.

Slik har Gro auka kunnskapen om og vørdnaden for nynorsken og dialektane våre. Ho har styrka grunnlaget for og vernet om den folkelege by- og bygdekulturen anten det er med den spelemannsprisnominerte trioen Tre begrædelige piker eller på soloplata «Stien eg fann». I alle samanhengar har den nordmørske folkemusikken og språkkulturen vore sentral.

Innsatsen for målarbeidet på Nordmøre toppa seg likevel med arbeidet med cd-en til boka «Enno så segla ho Magnhild». Gro var drivkrafta og idéen kom på eit lærarkurs for 60-70 stk.  Seinare har ho heldt kurs med dette materialet i barnehagar og på skular over heile Nordmøre. Slik har Gro vore sentral i å spreia den nordmørske språk- og songkulturen til nye generasjonar.

Nordmøre Mållag takkar Gro for innsatsen, og vi er glade for å kunne gje målprisen til ein sentral formidlar av nordmørskultur.

Nordmøre Mållag ønskjer Gro Kjelleberg Solli til lykke med målprisen for 2019 og med arbeidet vidare."
 

Teksta på diplomet Unni fekk:

"Unni Boksasp kjem frå Aspøya i Tingvoll kommune, og har vore ein viktig formidlar av den nordmørske tradisjonsmusikken i mange år.

Unni har formidla musikk på nordmørsmål og nynorsk over heile lndet. Ho gjorde eit viktig arbeid med å ta vare på den lokale songarven etter Manghild Havdal Almhjell på plata «Songar frå Havdal», og på «Med kvite fuglar» er alle songane sjølvrskrivne og på tingvoldialekt

Unni var òg på med på å spela inn cd-en til  boka «Enno så segla ho Magnhild». Samlinga med  nordmørske songar, rim og regler har vore brukt i skular og barnehagar på heile Nordmøre i årevis. Slik har Unni vore sentral i å spreia den nordmørske språk- og songkulturen til nye generasjonar. Unni er framleis oppteken av å formidla kunnskapen sin til andre, og reiser neste kvart år til Åkerfallet for å læra musikkelevar om den nordmørske folkemusikktradisjonen.

Nordmøre Mållag takkar Unni for innsatsen, og vi er glade for å kunne gje målprisen til ein sentral formidlar av den nordmørske kulturen.

Nordmøre Mållag ønskjer Unni Boksasp til lykke med målprisen for 2019 og med arbeidet vidare."
 

Tekst og foto: Nils Ulvund, Nordmøre Mållag.

Nordmøre Mållag er medlem av Trollheimsporten.