Header1

Rindal IL fotball:

Målrikt på Rinnvollen

Rindals lag i 5. div. møtte Støren på Rinnvollen fredag kveld, og det blei ein fartsfylt kamp med mange mål og høgt tempo!

Det vart ein pangopning av heimelaget, for nesten før lyden av dommarens fløyte hadde lagt seg etter avspark, satt første ball i nota for heimelaget! Det var Stian Bolme som satte den sikkert i mål. 1 - 0! Heimelaget køyrde på vidare og berre ti minutt seinare satt nummer to, og det var Roy Bolme som skar gjennom forsvaret til Støren som heit kniv i smør og sette den sikkert bak gjestanes sisteskanse. 2 - 0!  Etter dette fekk Støren rista av seg sjokkopninga og kom meir inn i kampen. Dei fekk ein kjempesjanse etter eit kvarters spel, men ein god Anders Grytbakk i heimelagets mål redda meisterleg. Grytbakk spelte for øvrig ein god kamp, og virka trygg og solid i sine innvolveringar. Men allerie i det neste angrepet frå Støren, måtte Grytbakk kapitulera. Støren kom rundt på kanten og fekk lagt inn til spissen som scora sikkert. 2 - 1.  Og frå vondt til verre; Berre fem minutt seinare utlikna gjestane, dette òg etter innlegg frå sida. 2 - 2. Etter dette bølga spelet att og fram, men heimelaget såg mest farlege ut, og etter 25. minutts spel fekk Jostein Landsem stå heilt åleine foran mål og sette ballen sikkert i mål! Gjestane klaga si naud til dommaren og forlanga avblåseing for offside, men dommaren heldt, heilt korrekt, på sitt! 3 - 2! Fleire mål vart det ikkje i første omgang, trass i fleire sjansar til heimelaget.

Andre omgang starta omtrent slik som den første slutta, altså med eit visst overtak til heimelaget og i det 55. speleminutt fekk Roy Bolme ein nydeleg pasning som opna forvaret til gjestane og Bolme kvitterte med å sette kula i nettet! 4 - 2! Kvalitet og tempo dalte noko etter pause og dei heilt store muligheitane uteblei, men heimelaget var eit strå kvassare heile tida, men det skulle gå nesten 85 minutt før ein kunne væra sikker på seier. Då var det Martin B. Fjerstad som elegant runda keeperen og sett ballen inn til 5 - 2 og kampen var i realiteten avgjort, og at Støren fekk ei nettkjenning i kampens siste minutt, for kallast eit trøstemål.

Debutant

Artig var det òg at Mathias Furuhaug fekk sine første minutt på A - laget.  Furuhaug var involvert i fleire gode målsjansar for heimelaget etter innhoppet og imponerte med høgt tempo og teknikk. Lovar bra for framtida!

Rindal - Støren 5 - 3 (3 - 2)

Rindals lag: Anders Grytbakk, Martin B. Fjerstad, Vegard Karlstrøm, Jøran Heggem, Harald F. Røen, Jostein Landsem, Stian Bolme, Edvard B. Fjerstad, Roy Bolme, Sander L. Kattem, Lars Aleksander Møkkelgård. Benytta innbyttarar: Fredric Talgø, Lars Ole Heggem, Mathias Furuhaug

Lars Aleksander.JPG
Lars Aleksander Møkkelgård spelte ein god kamp på venstrebacken.

Redning.JPG
Anders Grytbakk held ballen i sikkert grep!

Stian.JPG
Kampens første målscorar; Stian Bolme

Møller.JPG
Smånervøs trenar, Morten Møller