Målrøysting
Som kjent skal det haldast målrøysting ved Øvre Rindal skule den 7.juni, les om det her. Trollheimsporten refererte dette frå kommunestyremøtet da det vart bestemt. Trollheimsporten har motteke eit lesarinnlegg om målrøystinga frå Idun Fivelstad:
Målrøysting
Eg er ingen retorikar, og avslørar difor mitt føremål med ein gong: Eg vil ikkje at bygda vår skal misse det vesle som er att av nynorsk under målrøystinga ved Øvre Rindal Skule.
Kvifor, spør du? Det skal eg forsøkje å svara på med dette innlegget.
Alle dialektane i Noreg har utvikla seg frå gamalnorsk. Ved å byggja på dialektane i heile landet, tek nynorsken vare på den norske tradisjonen. Nynorsken er i motsetnad til bokmål demokratisk, av di han byggjer på talemål i alle delane i landet.
Språket er ein viktig del av den kulturelle identiteten, det knyter oss til heimstaden og er eit kjennemerkje på landet me kjem frå. I mange bygder døyr tradisjonsrike ord og uttrykk ut, men med nynorsk som skriftmål er det lov å nytte desse orda. I Rindal er det alt gitt ut fleire verk på nynorsk og dialekt, som er med på å ta vare på den rindalske kulturen og dialekta vår, til dømes den flotte biletboka ”Så son va det.” Vil me difor godta at bokmål skal standardisere skriftmålet vårt?
Mykje har skjedd i målstrida til Noreg. For 150 år sidan skreiv alle i Noreg dansk, for 50 år sidan hadde det vore utenkjeleg å tala dialekt på radio, noko som eg no gjer kvar veke. For 40 år sidan hadde ikkje nynorskelevane lovfesta rett til lærebøker på sitt eige språk, og fram til 2003 laga ikkje Microsoft dataprogram på nynorsk. Slik er det ikkje lengjer. Om me i Rindal bestemmer oss for å la elevane læra bokmål i staden for nynorsk, er me med i å hindra vår kulturelle utvikling og røre oss i feil retning. Kva som skal verte stoda i framtida, er no opp til deg.
”Men nynorsk er so vanskeleg,” får eg stadig høyre. Nei, for oss som er oppseda i Rindal er det ikkje det. Nokre reglar må sjølvsagt læras, då me ikkje er vande med å høyra og lesa nynorsk overalt i media, slik som me gjer med bokmål. Sjølv gjekk eg ved Rindal Skule der det praktiseras bokmål, og eg byrja difor ikkje skriva nynorsk før eg var sytten. Det var mi eiga avgjersle, og eg ynskja samstundes at eg skulle fått moglegheit til å utvikla denne målforma tidlegare.
I fjor tok eg eit emne i Norrønt Språk ved NTNU, eller gamalnorsk om du vil. Det var ei oppleving utan like. Rindal er ein av dei få plassane i Noreg, som framleis har eit snev av dativ. Også store delar av det rindalske og det norrøne ordforrådet liknar. Det artigaste var likevel då me lærte å telje: sjautján, áttján, nítján. Ja, du tenkjer riktig. Mykje av dialekta vår er direkte nedarva frå norrønt, og mykje har greidd å overleve danifiseringa. Ta vare på ho, det er mi oppmodning til deg.
Til slutt vil eg dykk skal tenkje over kva Rindalssongen hadde vore, om dykk skulle ha sunge han på bokmål og ikkje nynorsk.
Respekt for dialekt -røyst nynorsken fram!
Vensamt
Idun Fivelstad
Lektorstudent i Nordisk Språk og Litteratur
Kulturredaktør og journalist i Radio Revolt
Medlem av Norsk Målungdom
Kjelder:
Norsk Målungdom. 2010. ”Vel nynorsk” og ”Språklege rettar.” Oslo. Henta frå www.nynorsk.no/nmu
Haugen, O. E. 2008. Norrøn Grammatikk i hovuddrag. Bergen
Vedlegg:
Språklege rettar
Nynorsk og bokmål har vore jamstelte sidan 1885. Av di bokmålet har hatt hegemoni i Noreg har det vore naudsynt å få lovfesta ein del rettar for nynorskelevane, slik at skriftmåla skal vere jamstelte i røynda óg.
- Det vil seie at du har rett til å få læremiddel og dataprogram på nynorsk.
- Du har rett til å få eksamen på nynorsk.
- Du har rett til å møta nynorsk som undervisningsspråk. Du har rett til å få ein rimeleg del av prøvene og undervisninga på ditt eige språk, jamvel om du er den einaste nynorskeleven i klassen. (Denne retten er slegen fast i Rundskriv RVO – 65/80)
- Du har rett til å sjølv velja hovudmål. Du slepp å søkja skulen for å byta hovudmål til nynorsk. At bokmål og nynorsk er likeverdige skriftmål vil seia at elevar har rett til å velja nett det skriftmålet dei vil.
- Om du ikkje er nøgd med måten læraren din eller skulen held seg til regelverket på, so har du rett til å klaga. Nyttar ikkje det, kan du kontakta Elevorganisasjonen eller Norsk Målungdom.