Ta inn hele skjermen 17

Maaneskinn

Det er ei kjent sak at det er måneskinn i påska, fullmåne til og med. Men denne notisen gjeld ei anna form for måneskinn. Det er ei gruppe med ei viss tilknyting til Rindal har gjeve ut plate. Gruppa heiter Maaneskinn.

 

To av medlemmene kjem frå Hemne, og den tredje frå Snillfjord. Det er bassisten Einar Ola Selnes. Han har mor frå Bolme, Anne Kristine. Han har også ei farsøster her.
 

Trollheimsporten var innom heimestudioet hans der mange av songane har vorte til. Der har han keyboard, gitarar, bassar, trommesett, miksebord og Mac, alt han treng for å sette saman eit produkt som han presenterer for dei to andre. Oftast bearbeider dei så dette i lag til dei er fornøgde. CD-coveret er produsert på eit lokalt studio i Snillfjord, og videoen er produsert i gammelmeieriet på Kyrksæterøra av samme studioet! Se den her!

Debutalbumet – ”Samme planeten” - er eit frekt og funky rockealbum som inneheld 11 sjølvskrivne låter med norske tekster.
 

Bandet består av Lars Ole Hageskal (vokal / gitar), Einar Ola Selnes (bass / kor) og Sten Roger Kjønsvik (trommer / kor).
Sjå meir om Maaneskinn på heimesida!

 

Albumet er spela inn hos RA Audio i Aure, og mastra hos Redroom Studio i Trondheim av rindalingen Jo Ranheim.
Cover, booklet, hjemmesider, layout, etc, er produsert av Superdesign i Snillfjord.

 

Hør meir på MySpace!

 

I følge spelekalenderen på heimesida, skal Maaneskinn spele på utefest  på Travbanen i Rindal   lørdag 13.august!